Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Me har mange instrument innanfor den norske folkemusikken. Nokre av dei blir brukte på konsertarenaer over heile verda, nokre høver best på ein fjellnut, andre er i sitt rette element i ei lita stove, på kjøkenet, i fjøset eller i kleva. Nokre av dei er så store at dei må fraktast i store kasser, andre får plass i bukselomma. Nokre instrument har vorte framheva som nasjonale symbol, medan andre lever eit lågmælt liv. Det dei likevel har til felles er at dei er middel til å kommunisere eit unikt materiale som ber i seg stemmer frå tidlegare generasjonar. 

Elisabeth Kværne spelar på ein stor konsert som vart laga som eit alternativ til Melodi Grand Prix i 1976. Trykk på biletet for å sjå programmet i NRK-arkivet.

Elisabeth vigde store delar av livet sitt til eit instrument som i glanstida si, truleg var utbreidd over heile landet. Det eldste eksemplaret som er funne, er datert til 1524. Men det er i dag eit høgst levande instrument, der det i dag mellom anna er dyrka av 603 ihuga følgjarar på FB-forumet sitt, mykje takk vera henne. I tidlegare tider har det vorte traktert av heltar som Ragnhild Olsdotter Viken (1783-1861), Johannes Halden (1844-1936), Ola Brenno (1865-1957), Ragna Brenno Frydenberg (1906-2006), Guri Hegge (1884-1976) og ikkje minst legendariske Berit på Pynte (1812-1900), som Elisabeth løfta fram og omtala som om dei skulle ha vore nære vener. Sistnemnte hadde attpåtil ein skysstasjon der namnspurde karar som Edvard Grieg og Erik Werenskiold var innom. Werenskiold teikna Berit og fekk instruksar om å skrive følgjande på teikninga: «Berit Pynten. Bedste harpespillerske i Norge, verdensberømt». 

Elisabeth stod ikkje attende i byrgskap over verken instrumentet eller speltradisjonen. Ho arbeidde lenge og målretta for at langeleiken skulle ha ein sjølvsagt plass i den norske folkemusikkfaunaen. Sjølv om langeleiken og langeleikspelet var primærfeltet hennar, vart ho utnemt til heidersmedlem i FolkOrg i 2018 som ein takk for ein lang og omfattande innsats på ei rekkje område for den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ikkje lett å få oversikt over verksemda til dette flogvitet, men om me skal dele denne i tre trer formidlaren, innsamlaren og organisatoren fram. 

Sjå Elisabeth Kværne spela langeleik i program frå Jørn Hilme-stemnet 1975. Trykk på biletet for å sjå programmet i NRK-arkivet.

1) Formidlaren

Elisabeth Kværne vaks opp i Skottland, Bærum og i Aurdal i Valdres, og ho hadde utdanninga si frå Universitetet i Oslo med fagkrinsen musikkvitskap, folkeminnevitskap og folkelivsgransking. Kværne tok oppatt gardsdrifta på garden Hjelle i Aurdal då ho flytte dit i 1978, og dette har vore ein base for det omfattande kulturarbeidet hennar. 

På sitt engasjerte dreiv ho med undervisning, deltok jamleg på konsertar, erindringskveldar, samt lokale og nasjonale kappleikar. Eit kjerneområde i denne verksemda har vore opplæringsarbeid. Elisabeth arbeidde i mange år som distriktsmusikar og i kulturskulen i Valdres, og som instruktør i FolkemusikkUng. Ho heldt førelesningar både ved Ole Bull Akademiet på Voss og på Norges musikkhøgskole i Oslo. Ho fekk på dette viset innvigd ei rekkje yngre utøvarar i langeleikens mystiske og fantastiske verd. 

Elisabeth var aktiv som plateartist og gav mellom anna i 1985 ut albumet «På langeleik», som ho året etter fekk Spellemannprisen for. 

Som utøvar har ho også formidla historia om musikken og kjeldene ved ei rekkje turnear i regi av Rikskonsertane, åleine og i lag med spelemenn som til dømes Torleiv Bolstad og Hans W. Brimi.

Ho har også medverka i å formidle nedteikningane til L.M. Lindeman gjennom fleire turnear om med forfattaren og musikkforskaren Øystein Gaukstad og kvedaren Agnes Buen Garnås. Elisabeth var også ein sentral pådrivar for utgjevingane av Lindeman sine folkemusikknedteikningar, ført i pennen av Øystein Gaukstad. Seinare granska ho også primærkjeldene til Lindeman. Ho la elles ned eit stort krafttak mot slutten av livet for å få ferdigstilt boka om mentoren og venen Torleiv Bolstad.  

Sjå Elisabeth Kværne i samspel med Håkon Asheim, Ingar Ranheim, Tellef Kvifte og Erik Stenstadvoll i frå NRK-programmet “Den blå timen” i 1986. Trykk på biletet for å sjå programmet i NRK-arkivet.

2) Innsamlaren

Elisabeth dreiv også innsamlingsarbeid både som folkemusikkarkivar ved Valdres folkemuseum på Fagernes og som privatperson. Mykje av dette innsamlingsarbeidet har danna grunnlag for det kunnskapsrike formidlingsarbeidet hennar. Både spelemenn- og kvinner på hardingfele og langeleik, og ikkje minst songarar har vorte vitja av Elisabeth. I hennar tid på Valdres folkemusikkarkiv vart største delen av samlingane digitaliserte og systematiserte, slik at dei er lett tilgjengelege for dagens arkivnerdar. 

I tillegg var Elisabeth med i ei rekkje komitear og utval, mellom anna i utvalet som laga utgreiinga om dei norske instrumentbyggjartradisjonane (2009). I mange år samarbeidde ho med Bjørn Aksdal om eit omfattande registrerings- og forskingsprosjekt om langeleiken si historie og utvikling, som har resultert i utstillingar og omfattande dokumentasjon. Dette resulterte i storverket – Langeleiken – heile Noregs instrument. 

Sjå Elisabeth Kværne i samspel med Ingar Ranheim under Landskappleiken i Bø i 1988. Trykk på biletet for å sjå programmet i NRK-arkivet.

3) Organisatoren

Elisabeth var aktiv på organisasjonsfeltet, og ho hadde ei rekkje nasjonale og lokale verv og arbeid. På nasjonalt plan har ho har spelt ei særleg sentral rolle som medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans i åra 1990–2004. På lokalt plan la ho ned ein stor innsats for folkemusikkmiljøet i Valdres på mange ulike område både som styremedlem og aktiv pådrivar for ulike festivalar, stemne og kappleikar i dalføret. Særleg var ho i mange år ei viktig drivkraft i Vårflaumen spel- og dansarlag, og var oppteken av å få til eit godt samhald blant nord-aurdølar med interesse for folkemusikk. 

Takk for at du gjorde alt dette, gode Elisabeth!

Les “Valdres” sin artikkel om Elisabeth Kværne og reaksjonar på bortgangen hennar her (krev abonnement).

Tekstforfattaren hadde eit nært samarbeid med Elisabeth Kværne dei siste 15 åra, blant anna på Valdres Folkemusikkarkiv. Det førte til at to prosjekt til ære for mentoren hennar, Torleiv Bolstad, kom i hamn. CD-en “Tølleiv” kom ut i samband med Landskappleiken på Fagernes i 2015 og boka “Replikk i låtten” vart gjeven ut vinteren 2023/2024.