Tekst: Pressemelding.

Dei sju medlemmene i gruppa Madam Jam er anerkjende tradisjonsmusikarar frå Ottadalen og Hamar. Felles kjærleik for gammaldansmusikk er drivkrafta i gruppa, og Steinar Odde sitt banjospel og låtskrivartalent var nøkkelen for å finne andre måtar å formidle musikken på.

Sommaren 2023 lanserte dei albumet «van danse», og sidan har Madam Jam vore ein snakkis i folkemusikkmiljøet. Albumet har nå nærare 300 000 avspelingar på Spotify.

Det var deltaking på Landsfestivalen i gammaldansmusikk den sommaren som sette fyr på folkemusikkmiljøet. Madam Jam kom seg til finalen i gruppespeltevlinga, og debatten om denne dommaravgjersla gjekk i lang tid etter at festivalen var avvikla.

Madam Jam har ikkje mista motet eller kvilt på laurbera av den grunn. Snarare tvert imot. I vinter og vår lanserer gruppa tre nye låtar før heile albumet kjem i slutten av mai. Fyrste singel, «Bipolka», kom ut på strøymetenester sist fredag.

Høyr singelen “Bipolka” her. Madam Jam består av (bak frå venstre) Pål og Kristen Bratås, Geir Byre, Gro Visdal, Øyvind Sandum, Bjørn Kåre Odde og Steinar Odde. 

- Publikum kan vente seg eit typisk Madam Jam-lydbilde med banjo, gitar, piano, fele og trekkspel, og med sjølvaste «madamen» Gro Visdal på kontrabass, fortel Solveig Brekke Hauknes frå plateselskapet Melovitten. Gruppa og plateselskapet vil ikkje avsløre detaljane rundt platesleppet heilt enda. 

- Vi skal lette litt på sløret i februar og mars, seier ein løyndomsfull Bjørn Kåre Odde, felespelar i gruppa. 

Madam Jam består av Steinar Odde (banjo/dobro), Øyvind Sandum (trekkspel/durspel), Pål Bratås (trekkspel/durspel), Gro Visdal (kontrabass), Geir Byre (gitar), Kristen Bratås (piano) og Bjørn Kåre Odde (fele/bratsj/hardingfele).