Tekst: Redaksjonen.
Valkyrien Allstars med Lyseblått på ljøsblå fele
Valkyrien Allstars er ute med singelen Lyseblått, ei låt bygd på ein valdresspringar etter Ola Bøe. Bandet har latt seg inspirere av den såkalla ljøsblå felestillinga, og legg til eit nyskrive «låttestev» med tematikk frå kjenslelivets skyggesider, som begynner slik:
Har du no' å skjule, spør du
Jeg har no' å skjule, spør du meg
Jeg hjalp deg med å rote på rommet
Jeg hadde deg langt ned i lomma
Det ble tungt å bære, dumme
Det går ann å være -
Var vi aldri nære
Var vi aldri, var vi aldri noen ting
Du vet du sa at jeg var bare din
Bare din
Bare din og en dramme-gin
Dødstille songar frå den jyske heia
På albumet Stemmer i Voks har Ulla Bendixen og Martin Ottosen (Sorten Muld) tonesett fonografopptak frå tidleg 1900-tal. Gjennom varsamt komponerte arrangement for blant anna trøorgel, mandolin og cello møter rå stemmer frå den jyske heia vår tid. Albumet er basert på innsamlingar gjort av Evald Tang Kristensen, og løftar fram gløymde songar om liv, lagnad og lengt.
Nortopia med vestlandsvind
Trioen Nortopia – med Ingrid Sørheim (durspel), Johanne Mjøs (fele/hardingfele) og Kristian Wolski (cittern) – har sleppt singelen Fjellmannjenta, rull etter Anders Kjerland. Trioen er inspirert av vestlandsk slåttemateriale og har utvikla eit lyrisk lydbilete.
Vegar Vårdal feirar 50 år med Alumni
Felespelar og formidlar Vegar Vårdal har runda 50 og feirar seg sjølv med albumet Alumni. Prosjektet, som er omtala tidlegare her på folkemusikk.no, oppsummerer eit rikt musikarliv med røter i tradisjon, pedagogikk og samspel.
Knuste hjarteslag frå Eir
Singelen Du dro med henne er andre smakebit frå Eir sitt komande album Frydenlundgata. Låta tematiserer sjalusi, flørt og det uoppnåelege – alt pakka inn i eit elektronisk og klubbprega lydbilete. Lanseringa skjer 2. mai under SPOT-festivalen i Århus.