Solid trekkspelvikar i Sunnfjord
Ein Haile Halve Mane med musikarar frå Sunnfjord og Sogn vore i fleire finalar i gruppespel sidan debuten i 2016. I fjor vart det tredjeplass under Landsfestivalen i Førde for Emil Horstad (trekkspel), Mathilde Skjæret (hardingfele), Anders Vassli Brekke (kontrabass), Henning Lad (gitar) og Norill Terese Norheim (toradar).

– Det er veldig kjekt å kome tilbake, kjekt både for meg og familien, seier Emil Horstad som til vanleg bur i Oslo. Men han kjem frå Naustdal som no er ein del av storkommunen Sunnfjord med Førde som naturleg senter.

Emil Horstad er vikar for Ole Nilssen som har farspermisjon fram til sommaren. Han er kollega med blant andre Britt Pernille Frøholm som på tampen av fjoråret vart tilsett i fast stilling på fele/hardingfele etter Ingrid Schei Stuhaug.

– Vi samarbeider blant anna om juniorspelemannslag i kulturskulen. Så får vi sjå kva vi finn på etter kvart. Eg håpar at folkemusikkmiljøet også vil «bruke» Britt Pernille og meg. Vi er her som ein ressurs for fleire, seier Horstad.

Tredjeplass i gruppespel

Emil Horstad (26) starta med trekkspel i 12-årsalderen. For halvanna år sidan vart han ferdig med bachelorutdanning i musikkpedagogikk ved Norges Musikkhøgskule. Musikalsk var hovudvekta i studiet på klassisk akkordeon. Men Horstad har folkemusikken godt innabords som utøvande musikar.

I tillegg til solospel er han blant anna aktiv i gammaldansgruppa Ein Haile Halve Maone med unge musikarar frå Sunnfjord og Sogn. Dei har vore  finalistar i gruppespel fleire gonger på Landsfestivalen sidan debuten i Gaupne i 2016. Både i 2022 og 2023 kom dei på tredjeplass.

Emil Horstad er også godt kjent i miljøet som medarrangør av Skeitreffen, eit tradisjonsrikt arrangement som vart starta opp av tidlegare eigar og drivar av Skei Hotell, Jon Skrede. Opp gjennom åra har treffet samla mange store utøvarar både nasjonalt og internasjonalt.

Ressurs for miljøet

Som nemnt er Horstad «berre» vikar fram til sommaren. Etter det går truleg ferda tilbake til Oslo. Men enn så lenge vil har gjere ein skikkeleg jobb i Sunnfjord kulturskule.

– Eg har veldig lyst å bidra til utvikling av dei unge og kulturlivet heilskap. Kulturskulen er eit ressurssenter for heile kommunen. Vi har undervisning også ute i grunnskulane. Og det er musikk-karusell der unge får prøve seg på torader og trekkspel, samt barnegruppe med song og leik, fortel Emil Horstad.

Solid trekkspelvikar i Sunnfjord
Emil Horstad gjekk heilt til topps med trekkspelet i klasse andre instrument senior under Landsfestivalen i Førde i fjor sammar. No er han tilbake som vikar i Sunnfjord kulturskule.