Gjennom mange år har NRK vore åstad for utdelinga, og i ein periode var det TV2, men i år skjer det på TikTok og strøymd på Nettavisen – med Pepsi som hovudsponsor. Spellemann har teke sjansar før, men mange lèt seg nok overraske då dette blei avslørt same veka som nominasjonane blei klare. 

Nominasjonane til tradisjonsmusikk-kategorien er kanskje mindre overraskande. Rett nok er det vokalisttungt: Kim Rysstad, Synnøve Brøndbo Plassen og Sigrid Moldestad er alle nominerte. Den fjerde nominerte, og kanskje minst kjende for Folkemusikk-lesarane, er Sidiki Camara. Den Mali-fødde mandinkaen busett i Noreg i ei tjue års tid, og spelar vestafrikansk tradisjonsmusikk med eit lite gjestespel frå Telemark. 

Spellemannpris i tradisjonsmusikk 2023: dei nominerte

  • Sidiki Camara – Return to the traditions
  • Synnøve Brøndbo Plassen – Den lyse dag
  • Sigrid Moldestad – Breim
  • Kim Rysstad, Tord Gustavsen og Arve Henriksen – Villfarande barn