Tekst: Redaksjonen

Bandet, som starta som ein punkduo i eit kollektiv på Ås, har dei seinare åra vakse seg til å bli ein kvartett med gitarar, hardingfele, bass og trommer. No gjev dei ut musikk med utspring frå tradisjonsmusikken, der slåttar blir spelt på tarmstrengar som vrengast gjennom forsterkarar og trommer som følgjer opp bogestrøka. 

Ein fascinasjon for reven, både som karakter i folketrua og som det kjappe og vakre dyret i skogen, har inspirert til bandnamnet. Bandet skriv i ei pressemelding at reven ofte skapar seg om i folketrua, noko bandet Mikkel Rev også gjer. 

Musikarane i bandet er Magnus Øydvin (hardingfele, gitar og song), Hans Mikkel Melhus (elektrisk gitar og song), Mats Nystam (el-bass og song) og Ola Even Hogstad Hagen (slagverk). 

Bandet spelar i samband med plateutgjevinga nokre konsert i nord og sør. I august deler dei scene med Hoven Droven på Parkteatret i Oslo, på konsertserien GjenGangar, som er kuratert av bandet Gangar.