Sjå NRK-programmet frå Landskappleiken på Røros her.

Landskappleiken på Røros vart i alle deler ei stormønstring av dei sjeldne. Det 47. landsstemna opna i Bergstaden, Johan Falkbergets rike. Jon Stuvøy, Skien, vart ny form. i L.f.S. etter Leif Løchen som nekta attval. 

Sjå tilbakeblikket til Landskappleiken på Lillehammer i 1968 her.

Sjå tilbakeblikket til Landskappleiken på Geilo i 1969 her.

Så er landskappleiken 1970 gått over i historia. Og ein må vel ha lov til å seia at denne stemna var ei av dei største som er avvikla sidan den fyrste landskappleiken vart skipa for 47 år sidan. Grunnen var mange. Fyrst at det var fyrste gong landskappleiken vart lagt til Trøndelag og Røros. Ein venta med spaning kva ein kunne få sjå og oppleva i den gamle gruvebyen oppå fjellet som er så særmerkt på så mange måtar. Det er vel fyrst og fremst koparmalmen der oppå vidda som har gjort Røros mest kjendt. Den vart som kjendt funnen så tidleg som i slutten av 1600 talet. Og for 300 år sidan gjekk dei då igang med å bearbeide gruvene, og dei gjev framleis verdifull malm. I seinare år har diktaren Johan Falkberget gjort Røros kjend med sine mange bøker og gode skildringar av folkelivet der oppe i Bergstaden. 

Røros viste seg og å vera ein stor turiststad. Det myldra av turistar, utlendingar og norske feriefolk. Mange som var på gjennemreise stogga for å sjå på dette Storstemne og for å filme og fotografera. Det høvde slik at Samefolket hadde sitt landsstemne i Røros og på same tid, så det og gjorde at landskappleiken vart endå meir fargerik enn før om åra. Det surra med alle slags dialekter alle stader, spelemenn og dansarar var i aktivitet kvar ein gjekk og heile Røros var i feststemning med alle flag til tops som sveia i den fine solbrisen.

Spel og dansetevlingane var ei stormønstring i år, 360 deltakarar. Det var såleis eit enormt arbeid for dei som skulle stå for det heile, både med innkvartering og alt anna som fylgjer med ein landskappleik. Einar Galaaen var formann i hovudnemnda. Landsstemna byrja med årsmøte i gymnastikk bygget i Røros kl. 10. 

Fredag ettermiddag kl. 17 var det opning av kappleiken i festsalen i gymnastikkbygget. Einar Galaaen, Arnulf Galaaen og Jostein Galaaen spela ein Rorospols, «Spålleken». Deretter yngste Einar Galaaen alle spelemenn, dansarar, kvedarar, utøvarar på eldre folkeinstrumenter og stemnedeltakara hjarteleg velkomen til Røros. Han sa m.a. at det er fyrste gong Røros er tilskipar av ein landskappleik. Han var glad for å ha fått denne tilskipinga, og på vegne av L.f.S. vona han at stemna ville verta til gavn for den store kulturelle saka som landslaget arbeider for. 

Ordførar Per Stricket yngste og alle som hadde tilknytning til landskappleiken velkomen til Bergstaden. Han uttrykte og gleda over at stemna var lagt til Røros. Han vona at Bergstaden som nå står i si vakraste sumarbunad hadde noko å gi dei mange hundre tilreisande. Folkemusikken betyr så mykje kulturelt for by og bygd, og han uttrykte von om at landskappleiken på Røros måtte bli så vellukka som mogeleg. 

Leif Løchen, formann i L.f.S. sa m.a. i si opningstale at Røros vart valgt til stad for årets landskappleik fordi staden hadde rike tradisjonar i dans og spel langt attende i tida. Han vona kappleiken hadde noko å by stadens folk, samstundes som Roros gamle Bergstad ville gi dei mange tilreisande mang ei god inspirasjon under stemne. 

- Eg ser fram til dette stemne med særlege forventningar, nettopp fordi Bergstaden er eit særleg bysamfunn der mang ein spelemann har vokse opp gjennem tiderne, sa Løchen til slutt. 

Etter desse stutte opningstalene gjekk programleiaren, Einar Galaaen igang med leiinga av kappleiken som byrja med spel klasse D. vanleg fele og hardingfele, eldre folkeinstrument, tussefløyte og kveding. Det var mykje god framføring av denne delen av kappleiken og stor tilsluting. 

Om kvelden var det fest og eit godt variert kulturprogram med mange gode innslag. Leiar for programmet var Sven Nyhus. Glåmos Spelemannslag svinga opp med ein feiande hoppvals. Johannes Haanes las ein sjølvlaga prolog til landskappleiken Bjarnhild Oshaug Hoff framførte Johan Falkbergets dikt, «Heggeligubbenss siste polsdans.» 

Høgdepunktet på festen var vel utdelinga av Haugerudfonnets pris, som i år gjekk til dei to kjende spelemenn: Kristiane Lund frå Bø i Telemark og Anders Kjerland frå Granvin i Hardanger. Formannen i Haugerudfondet dir. Olav Fjalestad, Oslo foretok denne overrekinga av diplomet og kr. 1000 til kvar. Det er ei stor ære å få denne prisen og desse to har nok ærleg fortent den,noko som og går fram av den 
tala Fjalestad bar fram til dei to som og er æresmedlemmer i Landslaget for spelemenn. 

Til slutt hadde Kåre Sandnes, Frida Nyhus og Borghild Sjøvold framsyning av ein ekte Rørospols. Med Einar Galaaen som spelemann. Og så gjekk dansen for alle som hadde hug til å svinge seg etter god gamal folkemusikk av dei mange spelemenn og spelemannslag som var tilstades. Ekte folkemusikk utan poporkester. 

Laurdag byrja kappleik klasse B., C. og D. vanleg fele i festsalen i gymnastikkhuset og kappdans kl. B., C. og D, på Os samfunnshus. Kl. 16 på ettermiddagen, kappleik klasse A. vanleg fele og hardingfele, lagspel og nyskaping. Også her var det stor deltaking og fullsett hus, som det var på alle tevlingane og deltakarane fekk alle sin velfortente applaus. 

Sjå resultat frå Landskappleiken 1970 her på Indre Sunnfjord sine heimesider.

Om kvelden var det folkefest med eit stutt kulturprogram og dans tilslutt. Sundag byrja dagen med høgmesse i den fine orginale Røros kyrkje. Den var fullsett då sokneprest R. Hesselberg viste seg på preikestolen. Egil Storbekken spela på eit gamalt orgel, 250 år, medan to av døtrene, Eli spela på tussefløyte og Ragnhild sang. 

Etter messa var det samling på Malmplassen der folketoget skulle starte. Og det var litt av eit folketog. Bunadkledde deltakarar frå heile landet var representert, frå Karasjok og Kautokeino i nord til Setesdal i sør. Ei slik bunadmønstring har det vel heller aldri vore på ein landskappleik før om åra. Det var såleis eit fargesprakande folketog som gjekk nedover Bergmannsgata etter full musikk av dei mange spelemenn og spelemannslag og ikkje å forgløyme det vesle tussefløytelaget frå Trondheim, som alle gjekk fyrst i toget. Gata var tettpakka med folk på begge sider. Fotografar og filmfolk var over alt for å få med seg mest mogeleg. Det var reine gullgruva for dei som ville ha med seg bileter og minner heim frå dette storstemne. 

Folketoget vart oppløyst ved gymnastikkbygget der den siste tevlinga skulle avvik!ast. Og festsalen var heilt fullstappa då dans i klasse A. skulle byrja. Her var det og mykje god framforing av den enkelte og stor deltaking, så domarane hadde på alle tevlingane ei stri og vanskeleg oppgave. Sundagskvelden var det folkefest med premieutdeling, og spaninga var sjølvsagt stor både blant tevlarar og publikum. Men i ventetida hadde formann i kulturrådet Ingrid Natrud ordet og yngste alle velkomen til avslutningen på landskappleiken, frå Røros kommune og hovudnemnda. 

Ho foreslo dansarar frå dei ulike landsdeler til å danse kvar si gong, slik at ein betre kunne få sjå dei forskjellige dansar, og innimellem kunne alle 'få svinge seg i gamaldans. I pausene mellom dansen fortalde ho morostubbar og hadde mange gode replikkar og leidde det heile på ein framifrå måte. 

Så var premielista ferdig og eit imponerande premiebord kom til syne på sena ca. 250—300 premiar. Alle deltakarar fekk ein diplom, eit minne frå landskappleiken. Alle deltakarar fekk ein dundrane applaus etter kvart som dei henta sine premiar. Publikum var med å hylla dei heile tida og gjorde alt til ei feststemning. 

Kristiane Lund, Bjarne Herrefoss og ein ung Knut Kjøk i passiar med Sven Nyhus,  er blant dei som dukkar opp i NRK-programmet. 

Det var i alle deler ei vellukka stemne og formann i hovudnemnda Einar Galaaen og alle hans medhjelparar samt Røros kulturråd skal ha ære og takk for at denne landskappleiken vart så einestånde på alle måtar. Radio og fjernsyn var tilstades alle dagane og gjorde ei mengd opptak, men pressa derimot var lite representert, burtsett frå dei lokale avisene, i Trøndelag. Det bør ein vel prøve å bøte på ved seinare landskappleikar. 

T.d. burde det vera folk frå N.T.B. slik at omtale av landskappleiken kunne koma til andre aviser rundt om i landet, så dei som ikkje er med på stemna kunne få sjå omtale gjennom sine aviser og få fylgja med på den måten. For det er no trass i alt ikkje alle som kan koma på desse kappleikane, men er like interessert i kva som foregår.