Vegar Vårdal klar for ny runde av slåtteprosjekt
Vegar Vårdal er igang med å spele inn ein slått kvar dag i 2024 som han legg ut på instagramkontoen @norwegianfiddle. Foto: Skjermdump frå Instagram

– Eg tek sjansen på å gjere det igjen. Eg veit at det kjem til å komme dagar som blir grusomme, sist hende det at eg hadde vore på vegen i 10 timar og kom til hotellet seint om kvelden og måtte sette på sordin for å spele ein bånsull, seier Vegar Vårdal.

Han gjennomførte prosjektet for første gong i 2019, og hadde eit liknande opplegg i 2022, men då spelte han berre ein slått i veka. No kan igjen følgjarane hans frå Noreg og utlandet gle seg til eit år med ein dagleg dose slåttespel frå spelemannen. 

Maks 15 minutt arbeid

Som i 2019 er det nokre dogme knytt til prosjektet. Det viktigaste er at det ikkje skal ta Vårdal meir enn 15 minutt totalt å spele inn og laste opp slåtten. Difor bruker han ikkje noko spesielt innspelingsutstyr, men tek opp alt med mobiltelefonen. Vidare skal han også helst spele det han kjem på der og då, og han skal også prøve å ikkje gjenta seg sjølv ved å spele noko han har spelt tidlegare i året. Ein annan del av dogmet er at han ikkje skal spele inn videoen meir enn to gonger. Så blir det nokre småfeil, får dei kome med. Det skal ikkje vere perfekt. 

– Slåttane skal helst vere del av at eg er på reise. Denne helga skal eg på SAFFA-kurs, kanskje finn eg noko frå det området eg kan spele inn? Og fredag er det dødsdagen til far min, så då speler eg ein slått eg har komponert til han. Men eg skal ikkje velje ut for mange slåttar på førehand heller, det skal kome i stunda, fortel Vårdal.  

Denne dagen er han heime i Vågå, og då kom det ein vals etter den lokale felespelaren Rolf Sletten.  

– Eg skal klare dette igjen. Eg har jo klart det før! seier han.  

«Eg skal ikkje velje ut for mange slåttar på førehand, det skal kome i stunda.»

Vil ha slåtteforslag

I 2019 var Vårdal ein dag utan dekning på Gjende. Då kom han med ei orsaking dagen etter, men sjølv om videoen måtte bli lasta opp ein dag seinare, klarte han likevel å gå gjennom heile året med dagleg videoinnspeling. 

– Så lenge eg har straum på telefonen skal eg klare å spele inn ein film kvar dag, seier han. 

Vårdal fortel at han kjem til å spele slåttar på alle strykeinstrument han meistrar, og naturlegvis på alle moglege felestille. Han vil gjerne få idear til kva han kan spele av folk som følgjer prosjektet hans, og det har allereie kome inn ein del slåtteforslag. Men han vil ha fleire, og tek imot førespurnader heile året.