Tekst: Redaksjonen/Pressemelding

– Det er mange som har imponert og inspirert meg opp gjennom, men min far har utan tvil vore den aller viktigaste, seier Øivind Vabø.

Faren, Finn Vabø, var ein markant dansespelemann og ein sentral skikkelse i folkemusikkmiljøet på Vestlandet. Dei to spelte i lag i mange år og gav i 1996 ut albumet Hei so dansa jenta mi på Grappa. Med Arv løftar Øivind fram arven etter far sin – men også si eiga stemme.

Finn Vabø var ei sentral skikkelse i norsk folkemusikkliv i fleire tiår. Foto: Helge Skodvin.

– Etter kvart vart eg meir og meir fanga av det lyriske, og det er nok dette som ligg mitt hjarte nærast i dag, fortel han.

Hardingfele i møte med nye uttrykk

Arv får lyttaren møte både solospel og samarbeid med artistar frå ulike kantar av musikklivet. Øivind har invitert med seg musikarar som Sigbjørn Apeland (trøorgel/orgel), Mads Eriksen (elgitar/gitar), Unni Løvlid (vokal) og Claus Sellevold (diktopplesing).

Vabø har fått med seg fleire gjesteartistar. Frå høgre Sibjørn Apeland, Claus Sellevold, Unni Løvlid og Mads Eriksen. Foto: Faksimile frå booklet. 

– Eg føler meg beæra som får spele saman med desse fantastiske musikarane, seier han.

Plata er produsert av Solveig Krokeide, som også har vore prosjektleiar. Ho trekkjer fram det personlege og mangfaldige ved albumet:

– Øivind har verkeleg jobba fram ei personleg plate der han viser fram sine mange sider. Både slåttespelet, dansespelet og lyrikaren kjem godt fram, på Øivinds heilt eigne måte, seier Krokeide.

Vabø sjølv understrekar kor viktig ho har vore for prosjektet:

– Utan Solveig Krokeide hadde det ikkje blitt nokon CD. Ho har vore primus motor, produsent og prosjektleiar for å få dette albumet i hamn. Eg er særs takksam for den jobben ho har lagt ned.

Mellom to verder

Vabø balanserer eit liv innanfor og utanfor folkemusikkmiljøet.

– Det å gå ut av det vanlige livet og inn i musikken er ein berikelse. For meg har dette vore to adskilte verder. Det er godt å kunne ta steget inn i folkemusikkmiljøet, men ofte godt å kunne gå ut igjen også. Eg føler meg heldig som kan ha det slik, seier han.

Arv blir lansert digitalt i morgon på plateselskapet Melovitten, med fysisk CD og platesleppkonsert i Gimle i Bergen 14. juni. Øivind Vabø kan også opplevast på scena under Landskappleiken i Eidfjord 27. juni og Førdefestivalen 5. juli.