Tekst: Alexander Aga Røynstrand
Det er særs frustrerande å følgje med på ein debatt der folk diskuterar som om det er det levande miljøet mot yrkesutøvarane og motsett. Det får meg til å vera sikker på at ein stor del av debattantane ikkje har tenkt godt nok gjennom kven og kva ein yrkesutøvar er, og kanskje finst det også nokon som i debatten har gløymt litt kvar dei kjem ifrå. Det hadde ikkje vore yrkesutøvarar utan eit levande miljø, og det levande miljøet (ofte kalla grasrota) treng i dag yrkesutøvarar meir enn nokon gong. Det kan umogeleg vera så vanskeleg å ha ein meir nyansert debatt kring dette temaet.
Det levande miljøet må opne augo for kva ein yrkesutøvar er, og "den andre sida" av debatten må ha forståing og respekt for det levande miljøet sitt engasjement for tradisjonane og det friviljuge arbeidet, og ikkje minst viktigheita av dette. Det er til dømes heilt legitimt å stille spørsmål ved kva som helst kvotering inn i styret til ein medlemsorganisasjon, utan å få kjeft.
Yrkesutøvarar kjem frå miljøet, og miljøet treng yrkesutøvarar - er det ikkje då likevel ei fantastisk løysing å kunne jobbe for og vera del av same organisasjon? Dette vil vera ei stor styrke for alle partar, og yrkesutøvarane er den nye eleven i klassen, som kanskje treng å bli høyrt litt ekstra i tida framover.
For meg er det å ta vare på og vidareføre tradisjonen og arbeidet for det levande miljøet alltid fyrsteprioritet. Soleis er det særs viktig for meg at Folkorg held fram som ein organisasjon som jobbar for dette arbeidet. Samstundes er det ei styrke at den same organisasjonen evnar å snu seg med utviklinga og vise at dei er viljuge til å henge med inn i framtida, for alle partar.
Min eigen læremeister, Knut Hamre har vore yrkesutøvar i omlag 40 år (om ikkje lenger). Dette heng sjølvsagt saman med det enorme rekrutteringsarbeidet han har gjort i heile Hardanger!
Ein kan altså ikkje seie at det levande miljøet og yrkesutøvarar ikkje heng saman; den prinsippielle debatten om kvotering kjem på sidelina av dette spørsmålet og må handle meir om det konkrete behovet, god informasjon om kva det har å seie for arbeidet i Folkorg og om målet med denne typen tiltak. Eit viktig spørsmål er til dømes kva alle medlemmer i organisasjonen kan få att for ekstra fokus på yrkesutøvarane? Mette Vårdal har svaret; "De er med og skaper oppmerksomhet og rekrutterer nytt publikum og nye medlemmer. De er med i lokallag, holder kurs og seminar, inspirerer og heier frem hele feltet." Akkurat kva folkemusikkfeltet har trengt dei siste åra.
Eg trur soleis opplysing er hovudproblemet i denne debatten - i alle retningar.
Folkorg er ein organisasjon eg er stor tilhengjar av og som eg tykkjer gjer særs mykje bra, både for meg som medlem, lokallagsleiar, rekrutteringsarbeidar på friviljug basis og som yrkesutøvar - og det er jaggu godt gjort!
Faktisk er det som yrkesutøvar eg personleg kjenner at Folkorg har mest å gå på, eit argument for å nettopp auke kompetansen eller fokuset deira på dette feltet; fordi det vil ha mykje å seie for det friviljuge arbeidet eg driv (kanskje til og med for om eg i det heile kan drive med det i framtida), om eg i tillegg kan vera yrkesutøvar.