Det byrjar så stilt. Verda ligg i dvale, og feletonane svevar ventande over scena. Dansarane snurrar monotont kring seg sjølve som var dei i dervisj-transe. Det er vakkert, men litt underleg, og det gjer oss nyfikne på det som skal koma.
Vi treng ikkje vente lenge. Bordviftene som står i ring på scenen startar, og det får to kvite, breie band til å lyfte seg. På mirakuløst vis, slik våren bryt fram kvart år når vind og ver legg til rette for det, stig dei opp og byggjer eit florlett hus, der dansarane og musikarane kan røre seg.
Det er ein enkel scenografi, men svært verknadsfull. Dei kvite banda er så skjøre der dei svevar over hovuda til dei som spelar og dansar under dei. Og dansarane sjølve utfordrar også tyngdekrafta med rørslene sine. Dansaren Silje Onstad Hålien, som forøvrig er den einaste kvinna som dansar halling på elitenivå, tek ikkje fem øre for å kaste seg fram i ein luftig salto. Andreas Skeie Ljones svinsar uanstrengt ikring med fela si, og greier jamvel å spela medan han går ned i bru. Når Torkjell Lunde Børsheim syner musklar ved å gå sakte ned i armbøy frå handståande, er det kan hende ikkje det ein forbind med dans, men imponerande er det i alle fall. Og med litt tolkingsiver kan vi sjå det som eit bilete på løvetann som sprengjer seg veg opp or asfalten med smidige kjempekrefter.

Villniss: Årstidene
- Førdefestivalen (Storsalen), 3. juli 2015
- Dansarar: Silje Onstad Hålien og Torkjell Lunde Børsheim
- Musikarar: Andreas Skeie Ljones (fele), Anders Löfberg (cello), Tuva Færden (fele) og Marit Midtli (vokal)
Vakker song
Ein annan viktig del av scenografien er bilete som trår fram på veggen bak scena. Dei skifter i ein roleg puls, og syner snart landskap, snart detaljar. Det er bearbeidde fotografi eller grafisk kunst, som hjelper oss til å orientera oss i årets gang og skape assosiasjonar til fenomen som er i slekt med årstida dei dansar. Bileta er høveleg konkrete til at dei når fram til oss, og abstrakte nok til at dei gjev rom for fantasien. Den jamne flyten påverkar også opplevinga av dansen og musikken. Alt heng i hop.
I somme parti blir framsyninga boren av den vakre, lågmælte stemma til Marit Midtli, som kved ei vise eller ein gamal salmetone med tekst som leier oss vidare inn i framsyninga. Det er så stilt og vart og opnar oss for fleire inntrykk.
Men som i folkedansen er det veksling mellom det lyriske og det kvikke. Og best som det er blir vi vitne til ei kraftfull mannejamning, utført av Torkjell Lunde Børsheim og Andreas Skeie Ljones som duellerar med munnharpe. Det blir eit høgdepunkt i framsyninga å sjå dei to stå mot kvarandre som to tyrar, horn i horn, og freiste spela kvarandre i senk. Det er både intenst og leikent.

Rikt liv
Også cellisten som er med i Årstidene, Anders Löfberg, kan kunsten å spela medan han dansar. Å sjå han svinge seg i dansen med den drustelege, tonefulle «partnaren» sin, er ei oppleving.
Det at musikarane er med i dansen, og at musikken vi høyrer blir framstilt her og no rett for augo våre, gjer denne framsyninga organisk. Vi kjem tett på opplevinga. Energien smittar over scenekanten.
Eit år går fort. I denne framsyninga tek det berre ein time. Etterpå er det ikkje nokon alvorsam bodskap som heng att i oss, men ei ungdommeleg frisk glede. Og ei påminning om kor rikt livet er, gjennom alle skiftande tider. Det blir ei oppmoding til å vera vakent til stades i livet.