Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Fredagen startar med det nye klubbkonseptet Ravelender, ein folkemusikknattklubb som set dansegolvet i sving med rørospols og trad-rave. Westberg and the Polsgroovers stiller med rå polsrytmar i bandformat, medan DJ Nedrebø Kulturformidling og instruktør Bergitte Kjosvatn sørgjer for at både erfarne og ferske dansarar får svette på panna.
– Når vi laga historiens første Ravelender på TYVEN i fjor, dukka det opp 170 stk., fleire heilt ferske på folkedansgolvet. Det vart “hett, tett og svett” – og akkurat så god stemning som vi drøymde om. Vi har sjeldan fått så mange førespurnader om neste event frå folk på veg ut døra, fortel dagleg leiar Gusta Birgitte Tronstad.
Også kunstnarisk leiar Ranveig Aas ser fram til ny runde med dansegolv på folkemusikkvis:
– Kom med dei dansemovsa du har, eller lær nokre nye trinn frå gamle tiders rave. Ravelender har golvet der ingen rørsler er feil og alt er gøy.

Laurdagen byr på kurs og aktivitetar på Rotvoll kunstnerkollektiv. Her blir det både juniorsamling med Sturla Eide og Andreas Viken, dansekurs med Embla Olsen og Thomas Nilssen, og instrumentkurs med Tron Steffen Westberg (fele) og Ronny Kjøsen (trekkspel/toradar).
Både Ronny Kjøsen og Sturla Eide frå gruppa Båttåbol, her frå finalespelet i Oppdal, skal halde kurs på laurdagen.
Jubileumshelga kulminerer på kvelden med Trondheim GammelGroove på Dokkhuset – ein festkveld der band som Over Stok og Steen, felespelar Marit Vestrum og lokale spellmannslag sørgjer for stor stemning på eit rykande ferskt dansegolv.
Sidan oppstarten i 2015 har TrondheimFOLK markert seg som ein av landets mest aktive og nyskapande formidlarar av folkemusikk og -dans. Tiårsmarkeringa samlar heile breidda – frå ungar på juniorsamling til klubbnatt med polsgroove.
– Vi legg lista for helgas arrangement høgt. Det handlar om musikk, dans og samvær – på tvers av generasjonar, ferdigheitsnivå og sjangergrenser, seier Tronstad.
TrondheimFOLK 10 år – Jubileumshelg
📅 5.–6. september 2025
📍 Dokkhuset Scene og Rotvoll Kunstnerkollektiv, Trondheim