Plateselskapet Ta:lik gjev seg ikkje! Katalogen deira av solistisk felespel er etter kvart imponerande. Og det som særmerker utgjevingspolitikken deira er at det ikkje berre er velkjende, meritterte spelemenn som vert presenterte. Også mindre kjende utøvarar vert lyfta fram, men det er alltid musikk av høg kvalitet.
Denne gongen er det Numedalsspel me får høyra. Musikken frå dette dalføret har nok kome i skuggen av granneområda Hallingdal og Telemark, men Arne Olsen (1940–2014) sitt spel er vel verdt å lyda på. Det er friskt og energisk, men samstundes komplekst i sin detaljrikdom. Knut Buen gav ut ein kassett med Olsen i 1986, og han er å høyra på nokre samleutgjevingar. Men dette er den første CD-utgjevinga med spelet hans – noko som bør fanga interessa åt alle som set pris på førsteklasses solo hardingfelespel.
Olsen var aktiv i Numedal spelemannslag, han spela gamaldansmusikk, og han var jamvel ein dugande utøvar på durspel. Men på denne plata er det spelet som stod hjarta hans nærast – det eldre numedalsspelet – som vert presentert. Mykje av dette har han etter Bjarne Bratås, som på 1950-talet gjorde lydopptak med dei eldre spelemennene i området, m.a. Hellik Ranvik (1885–1971).

Arne Olsen: Hør der, ja!
- Ta:lik, 2015
- 34 spor, 68 minutt
- Produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
I fylgje Jan H. Lislien sitt grundige og lesverdige teksthefte, var Olsen ein smålåten spelemann som ikkje likte seg så godt på kappleiks- eller konsertscena. Desto betre som dansespelemann, og det høyrest på spelet. Rytmikken er heile tida levande og uanstrengt. Det er ei grunnleggande, kroppsleg og rytmisk forankring som er drivkrafta i spelet – ikkje konsertmusikarens poserande virtuositet.
Utvalet av slåtteopptak er henta frå NRK si enorme skattekiste av eit folkemusikkarkiv. Det interessante her er at Olsen sjølv lærte mykje av å høyra på opptak, frå Folkemusikkhalvtimen i NRK og frå Folkemusikkarkivet i Buskerud. Lyden av Arne Olsen sitt forfriskande spel er i dag utelukkande tilgjengeleg som dokumentasjon av den levande spelemannen som ein gong var.
Slik sett er denne CD-en eit interessant døme på korleis tradering ved hjelp av opptak slett ikkje er å forakta.