Arvvas - Remembrance
Arvvas: Rememberance
  • DAT, 2015
  • 14 spor, 57 minutt
  • Produsent: Steinar Raknes

Remembrance er eit crossoverprosjekt mellom joik og americana. Kontrabassen er det berande instrumentet, i tillegg til dei to stemmene til Sara Marielle Gaup og Steinar Raknes. Gaup er ein av dei ypparste joikarane i dag, solid forankra i ein familietradisjon; Raknes er ein garva jazzmusikar og ein av Noregs fremste kontrabassistar. Båe musikarane i duoen Arvvas skriv både musikk og tekstar.

Remembrance er den fyrste utgjevinga til duoen. Mange vil kjenne att Sara Marielle Gaup som medlem av Adjágas, ei populær gruppe ho har turnert med både i inn- og utland. Ho er dotter av den kjende joikaren Ánte Mikkel Gaup frå Kautokeino. Dei er ein heil syskenflokk som driv med joik, men Sara Marielle er den i syskenflokken som har gjort joiken til profesjon. På låten «Mary Lee» er Ánte Mikkel Gaup og Juhán Dánel Gaup med på joiken.

Raknes har vore viktig innafor utviklinga av norsk jazz, og har spela med bl.a. Ola Kvernberg Trio. Mest kjent for oss er kanskje frå duoen Skáidi, saman med den fabelaktige joikaren Inga Juuso, som gjekk så altfor tidleg bort i 2014. Skáidi turnerte mykje og gjorde stor lykke i mange land. Sara Marielle Gaup kom fyrst inn som «stand-in» då Juuso blei sjuk i samband med ein turné. Å «erstatte» Juuso var nok ikkje enkelt for den atskilleg yngre artisten; samtidig var det ei stor ære å bli plukka ut av Juuso sjølv som hennar erstattar.

Gaup er alt godt etablert i ein joiketradisjon. Samtidig er ho ein artist som likar å utforske nye kombinasjonar. Raknes har lagt om stilen litt frå Skáidi, særleg ved at han meir har teke i bruk si eiga stemme.

Dette er eit uvanleg brygg. Americana er ein pop/rock-stil, ein amerikansk blandingsbasert motkultur til glatt og polert pop. Når dette blir spedd opp med joik, er det ei utfordring for lyttaren – det går ikkje lett inn, sjølv med så dyktige utøvarar. Gaup si fløyelsmjuke, men likevel sterke og inderlege joikestemme, står i sterk kontrast til Raknes si håse, neste Tom Waits-aktige stemme. Det ikkje utan vidare vakkert, men uttrykksfullt. Kombinasjonen engelsk/samisk er òg ei utfordring når ein høyrer dette for fyrste gong.

Møter du eit nytt musikkuttrykk fyrst berre på plate, kan det vera vanskeleg å like det du høyrer. Opplever du derimot den same musikken framført på scenen, er det noko heilt anna. Med musikarane framfor deg i levande live, er det enklare å nå inn i dette nye, litt utilgjengelege rommet og oppleve musikalsk kommunikasjon. Slik var det for meg, som opplevde Arvvas fyrst på scenen og sidan på plate.

Plata inneheld 14 låtar. Dei samiske er ein kombinasjon av tradisjonelle joikar og einskilde stykke laga av Gaup. Raknes står for meir nyskrive materiale, både tekst og melodi. I dei meir rytmiske låtane er òg perkusjonisten Aleksander Kostopoulus med. Samtidig kan òg joiken opplevast som svært rytmisk i seg sjølv.

Kontrabassen er Raknes’ sterkaste kort. Bassen er aller vakrast når han fylgjer eller kontrasterar joiken, gjerne i dei meir lågmælte låtane som «Lonley/Okto» og «Space Machine». Stemma til Raknes kjem her òg nært og tett på, stundom i duett med joiken. Men mykje er kraftfullt og sterkt, uføreseieleg og aldri kjedeleg.

Kva syng dei om? Gaup tek i tittellåta eit blikk bakover mot eigne handverkstradisjonar og annan samisk tradisjonell kunnskap. Båe syng om forfedrane, om å lære av fortida for sjølv å finne ut kven ein er. I andre songar handlar det om den ofte uforløyste kjærleiken, lengt og sakn, eller om å vera åleine i verda og gå innover i seg sjølv eller ut på leit.

Joikane er i ei gate for seg sjølv, dei kan vera nesten utan ord. I «Cuoika/The Mosquito» har me å gjera med ei kjent plageånd, både for rein og menneske: «If I haven’t arrived yet / After midsummer / I will come with dual sticks.»

Det nære og ærlege musikalske uttrykket, utan sminke av noko slag, gjer inntrykk. At joikaren Gaup òg syng litt andrestemme på engelsk, syner ein musikar med stor vilje til å prøve seg på det uvante. At Raknes fører vidare arven frå samarbeidet med Inga Juuso, er både rørande og viktig: Det Skáidi skapte, lever vidare utan å bli kopiert. Slik me vil at all god tradisjonsmusikk skal vera.