Britt Elise Skram - Intakt
Britt Elise Skram: Intakt
  • Kvarts/Musikkoperatørene, 2014
  • 15 spor, 36 minutt
  • Produsent: Jo Asgeir Lie og Britt Elise Skram

Felespelaren Britt Elise Skram frå Romsdal er mellom anna kjend frå gruppa Tre begrædelige piger og Spelemannslaget Dåm og Drag. Dette er hennar første soloplate. Heile plata er sett saman av runddansslåttar for solo fele, heilt utan smådristige arrangement eller morosame samspelpåfunn. I vår tid er det eit modig val av ein ung folkemusikkutøvar – som attpåtil har studert ved Norges musikkhøgskole, der det vrimlar av potensielle kreative medspelarar. For dette motet har Skram allereie vunne stor respekt, ved å ha vorte nominert i soloklassen under Folkelarm-prisen i år.

Nokre av slåttane har Skram lært direkte frå mellom anna læremeisteren Olav P. Hjelvik (f. 1920), medan andre er lærde etter noteoppskrifter og opptak. Nokre slåttar er av eldre, ofte ukjent opphav, medan andre er komponerte I tradisjonell stil i nyare tid. Og kva som er kva, er uråd å seia dersom ein ikkje kikar i det detaljerte tekstheftet. Dette viser at til saman utgjer desse tileigningsformene – direkte læring, noteoppskrifter, lydopptak og formell utdanning – ein solid kunnskapsbase i vedlikehaldet av ein speletradisjon.

Dansespel har alltid vore viktig for Skram, og det er utelukkande gode danseslåttar ho har valt ut på denne plata. Spelet er lett, men samstundes kraftfullt og spenstig. Framifrå dansespel, med andre ord.

Er det dermed like godt eigna på plate – om ein berre skal lyde? Det er i alle fall velspelt, med mange smektande melodiar, til dømes «Fraser-valsen» som Lars A. Rypdal (1891–1942) laga då han var i Canada. Men dei aller fleste slåttane har symmetriske taktperiodar og byd heller ikkje på tonalitetsmessige overraskingar. Det heile læt fint, og det er godt utført. Men det er lite motstand i musikken, så det er nok som dansespel at denne musikken verkeleg kjem til sin rett.

Dermed lyder oppmodinga: Høyr gjerne på Britt Elise Skram sitt friske spel, men skru opp volumet og dans!