
Máhte Antte Máhtte/Mathis A. Oskal: Duollet Dálle (Every now and then)
- DAT, 2015 (DATCD-68)
- 42 spor, 49 minutt
- Produsent: Piera Boine
Det er ikkje utan motførestillingar at ein som ikkje er inne i den samiske kulturen, vågar seg på å skrive om ei rein joikeplate utan tonefylgje. For det er det dette er: 42 joikar, mange av dei personjoikar som andre har gjort, og resten joikar laga av Mathis A. Oskal, eller Máhte Antte Máhtte, som er det samiske namnet hans. Me får greie på at han er reindriftssame, og at han flyttar mellom Joahkonjarga ved kysten og indre Finnmark, der han bur i den vesle bygda Heammogieddi i Kautokeino kommune.
Dette med dei doble namna i samisk er ein skikk som skriv seg tilbake til fornorskingsperioden. Blant anna var det ein lov som sa at samar ikkje fekk kjøpt jord viss dei hadde eit samisk namn. Difor er det framleis svært mange samar som har doble namn, eit «norsk» og eit samisk. Eit døme er gutenamnet Ailo eller Ailu som blir til Aslak.
Omslaget gjev oss sparsamt med opplysningar om artisten. Av bileta går det fram at Mathis A. Oskal er knytt til samane si mest tradisjonsrike næring, reindrifta. Her er reinsdyr i fleire utgåver, køyrerein aller mest, men òg eit uimotståeleg foto av artisten med to små reinkalvar i hendene. Berre den som har prøvd dette, veit kva for ei spesiell oppleving det er; det er kanskje noko av det vakraste den norske fjellheimen kan by på, enten det er tam eller vill rein.
Visuelt signaliserer omslaget at artisten ynskjer å rette søkjelyset mot fjellivet med reinen og køyrepulken – kjærleiken til reinen stikk djupt. Alle som veit litt om samar og reindrift, veit at det er snøskuter og andre motoriserte hjelpemiddel som gjeld i dagens reinsdriftsnæring. Men på plate treng ikkje desse vera med. Joiken er tidlaus. Slik har Mathis A. Oskal valt å leggje vekt på verdiar som det i ei travel tid er verdt å bli mint på, både gjennom joiken og ei visualisering av det gode liv på Finnmarksvidda.
Å lausrive joik frå miljøet han høyrer heime i og gje dette ut på ein CD, gjev ei utfordring for den som lyttar og ikkje kjenner godt nok til joikens vesen eller kontekst. Dette er å samanlikne med å få eit forhold til hardingfele berre gjennom radiolytting eller via plate. Eg vil difor ikkje gje meg ut på å kvalitetsdømme joikane Mathis A. Oskal framfører. Han er ingen ung joikar og er ikkje av dei mest kjende. Men han har vore med ei stund, og har blant anna delteke på Sami Grand Prix ein god del gonger, utan å nå heilt til topps.
CD-en Duollet Dálle må karakteriserast som ei dokumentasjonsplate. Han inneheld 42 joikar, og den eine joiken glir over i den andre. For eit litt utrena øyra høyrest dette naturleg nok likt ut. Eg har for eigen del opplevd joik i sitt rette miljø, men det er i eit lite omfang. Nok ein parallell til ein utanforståande som skal lytte til «hard core» hardingfeleslåttar på CD. Med ei djupare erfaring frå livet der joiken har sitt opphav, kunne ein få langt meir ut av ei slik plate.
Mange av joikane er personjoikar, ein unik samisk tradisjon. Ein seier gjerne at ein joikar ein person i staden for å joike om vedkomande. I samisk tradisjon er det den personen som blir joika, som eig joiken.
Mathis A. Oskal framfører til dømes ein joik med tittelen «Ole Heandrat Magga», det samiske namnet til professor og tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga. Det er då Ole H. Magga som eig denne joiken, sjølv om det er ein annan person som har laga joiken. I juridisk samanheng er det per i dag likevel han som har laga joiken, som har opphavsretten, slik konvensjonane er.
Ein annan, meir uskriven regel er at ein person som har fått ein joik, ikkje skal framføre denne sjølv. Det blir sett på som skrytete. Eg har likevel opplevd at samiske artistar stundom, når dei står på ein scene, gjer eit unntak frå denne regelen. På Duollet Dálle er det ein joik med tittelen «Máhte Máhtte». Det er dermed truleg at òg Oskal har gjort eit slikt unntak – framfører ein personjoik han sjølv har fått – sjølv om vi ikkje kan seie det sikkert ut frå opplysningane omslaget gjev.
Eit fenomen som òg skil joik frå mykje annan musikk, er at ein joik «aldri tek slutt». Sagt på ein annan måte: Plutseleg er det slutt, som om melodien er klipt av. Det er ingen slags kadens eller teikn til at no er joiken over. Noka form for dynamikk er det heller ikkje å spore i desse joikane. Slik blir denne CD-en på ein måte ein einaste lang joik, der du må konsentrere deg for å få med deg at den eine joiken avløyser den andre.
Å oppleve joikekunst i sitt rette element er noko heilt anna enn å lytte til joik på CD. Likevel er det viktig at slike plater blir gjevne ut, på linje med reine kvedarplater, reine hardingfeleplater osv. Plateskapet DAT er sentralt innanfor samisk musikk og har mange CD-ar, bøker o.a. på samvitet. Men det er eit stort sakn at omslaget til CD-en inneheld så lite opplysningar, både om utøvaren og sjølve joikane. Litt meir bakgrunnsinfo ville ha gjort plata meir interessant og relevant for alle oss som ikkje har store forkunnskapar om samisk musikk.