Dreamers’ Circus - Second Movement
Dreamers’ Circus: Second Movement
  • Go’ Danish Folk Music, 2015
  • 11 spor, 47 minutt
  • Produsent: Dreamers’ Circus

Dreamers’ Circus er ein dansk-svensk folkemusikktrio. Medlemene er Ale Carr på citter, Rune Tonsgaard Sørensen på fiolin og Nikolaj Busk på trekkspel og piano. Dei tre speler i tillegg på gitarar, ymse klaviatur, bass, vibrafon og mykje anna. Allereie gjennom instrumenteringa si kan ein sjå at dette er ei folkemusikkgjeving som er alt anna enn ein dokumentasjon av dansespel. Her er muligheitene i studioet nytta til fulle, med lag på lag av instrument – det meste rikt orkestrert. Og utøvarane har sjølve komponert musikken. Detaljane verkar planlagde og kontrollerte. Her er lite som verkar improvisatorisk ­– alt som liknar rufsespel er luka bort.

Nærleiken til den klassiske musikken kjem òg til syne gjennom titlane. Den første plata til Dreamers’ Circus heitte A Little Symphony, og oppfylgjaren kan omsetjast til «Andre sats». Sørensen er dessutan ein dyktig klassisk fiolinist, og presenterer ein folkemusikkfestivalaktig versjon av preludiet frå Bachs kjende fiolinpartita nr. 3. Det er festleg første gongen, men slitsamt etter kvart: Som oftast står klassikarane støtt på eigne bein.

Det drøymeaktige og meditative er til stades i rikt monn på Second Movement. Store deler av plata kunne gått rett inn som lydspor til ein storslegen nordisk dramaserie i beste sendetid på fjernsynet. Det er på grensa til det banale og sentimentale, men godt utført og lett å lika for dei fleste.

Eit anna musikalsk landskap som balanserer faretruande nær det kitsch-aktige, er dei populariserte utgåvene av minimalismen. Dette finn ein og mykje av i drøymesirkuset. Nokre heile komposisjonar er bygde opp rundt relativt enkle figurar som vert intenst repeterte på piano, ukulele eller fele.

Det er i løpet av dei sju første spora at særpreget til denne gruppa kjem til sin rett. Her finn vi instrumentering og stilistiske verkemiddel som er nærare pop og underhaldningsprega klassisk musikk enn folkemusikk.

Når ein kjem til dei fire siste spora, kan det verka som om studiobudsjettet er i ferd med å verta oppbrukt. Her finn vi for det meste triokomposisjonar av det slaget ein kan høyra på folkemusikkfestivalar kor som helst. Også dette er godt utført. Men det er på den første, drøymeaktige delen av plata at gruppa utmerkar seg med ei eiga røyst, i den etter kvart store skaren av profesjonelle folkemusikarar.

Store deler av plata kunne gått rett inn som lydspor til ein storslegen nordisk dramaserie