
Einar Mjølsnes: Slåtter etter Anders Sagen
- Heilo, 2015
- 23 spor, 45 minutt
- Produsent: Arne Anderdal, lyd: Tor Magne Hallibakken
So har ho kome, ei etterlengta CD-plate. Einar Mjølsnes tolkar her samtlege av noteoppskriftene som Arne Bjørndal gjorde etter Anders Sagen (1828-1922). Tolkingane er gjorde på ein særs nøyaktig og pietetsfull måte, noko som gjer plata svært godt eigna for spelemenn som vil læra slåttane, og for dei som vil forska på og studera slåttane og tradisjonen. Mjølsnes har so godt som ikkje lagt til eller teke bort noko frå slåttane slik dei er skrivne opp. Om spelemenn ynskjer å «byggja ut» eller «forbetra» slåttane, lyt dei altso gjera det sjølve. Som innleiing og avslutning på plata, har Mjølsnes på ein særs smakfull måte lagt til eit fyrespel og eit etterspel.
Fem av slåttane har Sagen – truleg eller tvillaust – etter Anders Hagen, «Gamlehagen», frå Vossestrand. Eg vil tru at det er desse slåttane som mest av alt har fanga nysgjerrigheita til folkemusikkinteresserte på Voss, og som gjorde at Ole Bull Akademiet ved Arne Anderdal gjennomførde det glimrande tiltaket å gi ut plata. Telemarkingen Knut Lurås, som var i Sogn på rosemåling, er kjelde til tre av slåttane. Elles er Sjur Berge og Jens Fresvik nemnde som kjelder; mange held Jens Fresvik for å ha vore den beste spelemannen i Sogn, ogso Mosafinn var saman med han. Ogso fleire andre kjelder er nemnde i notata i omslaget.
Mjølsnes spelar som sagt slåttane særs pietetsfullt og nøyaktig. Bjørndal hadde stundom ein litt spesiell noteringsmåte: Viss ei melodistrofe gjekk to gonger, til dømes på tersen (D-strengen), so noterte han gjerne basstrengen (G-strengen) som bordun den eine gongen og kvarten (A-strengen) som bordun den andre. Dette har Mjølsnes formidla nokso nøyaktig.
Eit litt «alderdommeleg» trekk i springarane på plata er triolane eller ristetaki. Bjørndal noterte i nokre tilfelle desse slik at dei to siste notane/tonane i triolen kling likt. Eg oppfattar dette som eit kanskje primitivt, men alderdommeleg og verdifullt trekk. Me finn det hjå fleire eldre spelemenn i Sogn, til dømes Sjur Berge og Lars Sande. I dag er ikkje dette so vanleg, og det er difor fint at Mjølsnes har formidla dette i tolkingane sine.
Springartakti på plata markerer Mjølsnes nokso jamn, nærast i vossatradisjon – nokso likt det Klaus Sande, sambygdingen til Sagen, gjorde. Viss me derimot lyttar til opptak med Nils Johannesen, barnebarnet til Sagen, møter me ei heilt anna rytmeforståing. Det same har eg høyrt av ein del eldre spelemenn i Ytre Sogn. Dette skulle vera «snadder» for forskarar, og kanskje kan det supplera det glimrande arbeidet til Jan Petter Blom om dialektforskjellar i springarrytmen.
Eg vil koma med ein kommentar til slåttane «Huldreslått» og «Gamal Brureslått» (begge spelte på stillet A-D-F#-E). «Gamal Brureslått» vert spelte av spelemenn i dag, noko som er svært gledeleg og viser at musikken etter Sagen har appell ogso i dag. Eg vil tru slåttane etter Anders Sagen etter denne plateutgjevinga vert å høyra endå meir i tida framover, mellom anna på kappleikar og konsertar. Og folk må sjølvsagt tolka og bruka slåttane korleis dei vil, innafor rimelege grenser. Men i notasjonen har Bjørndal brukt åttandedels og sekstandedels pauseteikn. Dette kunne eg ha ynskt at Mjølsnes hadde markert endå tydelegare. Derimot i «Eldgamal Brureslått» (A-E-A-C#-stille), ein annan slått som vert nytta i dag av fleire spelemenn, har Mjølsnes lukkast å få fram dei «stakkato» passasjane i slåtten.
Slåttane etter Anders Sagen har i nokon grad vorte førde vidare i munnleg tradisjon, gjennom dottersonen Nils Johannesen Nesse (1885-1981), vidare til Georg Tistel f. 1918, og derifrå til den underkjende sognaspelemannen Jostein Fjærestad (f. 1951). Svein Skjerdal (f. 1932) har ogso lært av Nils Johannesen, og underteikna har lært noko av Georg Tistel.
Anders Sagen var sambygding med, og levde samstundes med Lars Sande, far til Klaus Sande. Medan Lars var med på kappleikar og vart fotografert saman med dei største spelemennene i landet, kjenner eg ikkje til at Anders var på kappleikar. Ein kan truleg finna mykje interessant ved å samanlikna desse to spelemennene. I ettertid ser me at dei begge var store på sine område, og ein del av slåttane deira var truleg felles. Men som utøvande spelemenn har eg inntrykk av at dei var nokso ulike.
Eg sneik meg inn på plateslepp-konserten På Kvikne Hotell, der er fekk høyra Einar Mjølsnes framføra tre av slåttane på plata. Han fortalde om Sagen lite prega av synsing og meiningar, med nøkterne og interessante opplysningar fortalde på ein engasjerande måte. Mjølsnes var godt førebudd med feler på dei ulike felestilla. Sjølv om han ikkje brukte unødig lang tid på finstemming, lét det reint med gode klangar. Det var nesten som å vera på konsert att med Sigbjørn Bernhoft Osa. Det er ein fryd å høyra Mjølsnes fortelja og spela, både på konsert og på CD.