Folkesongen i Norge har, etter det me kjenner frå eldre kjelder, vore (meir eller mindre) einstemt eller unison. Dersom ein ser bort frå klassiske komponistar sine «folketonearrangement», er fleirstemt folkesong eit nyare fenomen.
Trioen Tiriltunga (skipa i 1983 av Kari Lønnestad, Heidi Løvlund og Gunnlaug Lien Myhr) var mellom dei første som prøvde ut fleirstemt song på folkemusikkens eigne framføringspremissar. Sidan vart meir komplekse klangstrukturar prøvde ut av Oslo kammerkor, i samarbeid med Berit Opheim og Sondre Bratland. Produsenten på plata, Unni Løvlid, har sunge fleirstemt med seg sjølv i den enorme romklangen i Emmanuel Vigelands mausoleum. Og blant dagens folkesongarar finn ein allslags arrangementstypar, gjerne blanda med impulsar frå andre musikkformer.
Difor er det spanande at Ingebjørg Longvik Reinholdt og Kirsti Bakken Kristiansen satsar på eit såpass nake uttrykk. Dei syng kjende og mindre kjende salmar, bånsullar, slåttetrallar og folkeviser. Mange av dei kjende og kjære songane, som «Den dag kjem aldri», «I himmelen» og «Nu solen går ned», toler godt å verta lyfta fram på nytt, medan «Brurmarsj frå Seljord» gjerne kunne ha fått kvila – utsliten som han har vorte gjennom ei rekke kor- og orgelarrangement.

Fivil - Fivil
- NorCD, 2015
- 13 spor, 37 minutt
- Produsent: Unni Løvlid
Les også:
Musikken veks med Fivil – Dei sjølvutnemnde vokalnerdane i duoen Fivil er klare med debutalbumet sitt. Det meiner dei er best eigna for stunder i sofaen framfor eit godt lydanlegg – for lyttarar som tek seg tid.
Slåttify: Fivils favorittar – inneheld viser, kormusikk frå verda rundt, barokkmusikk og slåttar på fele og hardingfele, og sjølvsagt mange av folketonane og songarane dei to har late seg inspirere av.
Skal vi danse? – Folkemusikk presenterer teksten til og historia bak Fivils slåttestev «Fivilslåtten».
Reinholdt si fyldige stemme og Kristiansen si klåre røyst utfyller kvarandre fint. Kortare solistiske innslag, unison song, homofone og polyfone parti slyngar seg inn og ut av kvarandre. Av og til fungerer dette svært godt, men av og til vert arrangementa ei ufrivillig påminning om at det finst eit klassisk komposisjonsfag som heiter kontrapunkt, som handlar om god stemmeføring i fleirstemt musikk.
Det er lett å argumentera med at Fivil held på med folkesong og ikkje klassisk musikk, og at det difor er ulike ideal som gjeld. Men så lenge dei likevel nyttar seg av tradisjonell vestleg harmonikk og tilhøyrande stemmeføringsideal, kunne dette ha vore arbeidd meir med og stått fram som enda meir overtydande. Og når det berre er snakk om to stemmer som kling saman, vert problematikken veldig tydeleg. Nokre stader, som i den kjende jolesalmen «Kling no klokka», nyttar dei medvite dissonansar i «mellomspela», og det fungerer godt utan å verta poserande.
Det er ein fin ro over heile plata, sjølv om det både repertoar- og arrangementsmessig er litt av kvart som er samla her. Plata – med vakker song og store innslag av kjende melodiar – bør kunna appellera til eit publikum langt ut over det spesifikt folkemusikkinteresserte.