Tekst: Johanne Flottorp 

– Reinlenderen har eg hatt lyst til å gjere noko med lenge, og då er det naturleg å sjå til Sven Nyhus. Han er jo ein legende på det feltet, fortel Ingrid Jasmin Vogt. Ho har etablert seg som ein artist som blandar norsk folkemusikk med latin og R&B, og for debutalbumet sitt Luna fekk ho Spellemann i open klasse i 2022. Ho har også vore å sjå i den norske finalen av MGP. 

Den nye singelen er ein forsmak på neste plate som kjem i haust. Der går Ingrid Jasmin endå meir inn i det norske, sjølv om ho er tru mot den varierte musikkbakgrunnen sin. Viktige musikarar i prosessen, og som også spelar på den nye låten, er Tuva Færden og Sunniva Langås-Røiland på fele, Almir Meskovic på trekkspel og Thov Wetterhus på munnharpe. 

Jonas Kroon har produsert musikken saman med Ingrid Jasmin også denne gongen, men no har dei i tillegg fått med seg ein columbiansk produsent.

– Reinlenderen byrja me på i Columbia med produsenten der. Han måtte starte heile prosessen med å ta eit dykk ned i norske stilar og instrument. Han høyrde og høyrde til det kom røyk ut av øyrene på han, fortel Ingrid Jasmin og ler. 

På denne plata var det viktig å ha med ein produsent med godt fotfeste i latin som kunne sjå det norske med nye auge, fortel Ingrid Jasmin. Det var også ideen bak musikkvideoen, som høyrer til «Reinlender 4 my x».

– Eg ville bruke den visuelle latinamerikanske estetikken og framføre den norske musikken og dansen i den konteksten. Samla sett fortel det noko om mitt artistiske prosjekt og om dei bakgrunnane eg har, seier ho.

Dansarane ho har med seg driv stort sett med hiphop, salsa og rumba til dagleg, men dei tok utfordringa med å lære seg trinn og sette ein koreografi til reinlender på strak arm. Så blei det innspeling på open gate i  Havanna. 

Ingrid Jasmin la nokre dagar før singelsleppet ut eit klipp på TikTok av at dei fem dansepara dansar reinlender gatelangs. Kommentarfeltet har gått varmt, og ikkje alle har noko triveleg å seie. Men det er som forventa, seier ho. 

– Ein debatt prosjektet mitt har vekka før, er kor norsk må noko vere for at det er norsk nok, og kven som har rett og ikkje til å ta tradisjonen i bruk. Men det er ein samtale som eg vil vere med på å ta, seier ho.

Kommentarane går likevel i begge retningar. Det er også ein del som skriv at dei lengtar tilbake til leikarringen, eller ikkje visste at Noreg hadde ein eigen folkedans. 

– Det er ei drivkraft i prosjektet mitt. Eg vil bearbeide tradisjonen på ein måte så den når eit større publikum. Det er mange utanfor folkemusikkmiljøet som har veldig lite kjennskap til norsk folkemusikk og folkedans. Men ta reinlender til dømes. Det er så gøy, så enkelt. Alle kan lære det! 

Ingrid Jasmin skal gje ut endå ein singel før plata er klar i oktober. Den blir også truleg god å danse til.

– Neste låt blir ein halling ala Ingrid Jasmin, smiler ho.

Namn: Ingrid Jasmin Vogt 
Fødd i 1987
Kjem frå Telemark, bur i Oslo
Yrke: Artist

Kvifor spelar/syng/dansar du? 

Eg vaks opp i ein heim med hardingfelespel og salsa side om side, og eg har synge sidan eg var lita. Eg fann tidleg ut at det var min måte å uttrykke meg på, også ting som ikkje alltid let seg seie med ord. Danse har eg også gjort heile livet, og for meg er det å uttrykke noko musikalsk og kroppsleg tett vevd saman. Det at eg jobbar med tradisjonsmusikk, gjev meg ei kjensle av tilhørsle og røter, samstundes med at det gjev meg rom for å skape noko nytt og personleg. 

Kva var den siste konserten du var på som publikummar? 

Det må ha vore på Cuba i sommar, på jazzkveld på La Fabrica del Arte, der eg sjølv spelte for to år sidan. Dei har så mange konsertar der, i mange forskjellige salar. Og det er eit heilt drøyt nivå på musikken på Cuba. Alt er bra! 

Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore? 

Av norske utgjevingar, må det vere Gjest i verda av Sondre Bratland. Den enkle produksjonen der og den varme stemma hans, det er som å få ein god klem.

Eg må også få lov til å ta med ei plate på spansk. Det er La Leyenda Del Tiempo av Camaron De La Isla. Då albumet kom ut blei det mykje hat for han, for han var veldig nyskapande i tilnærminga si til tradisjonsmateriale. Men med tida blei det ståande som ein klassikar, så det viser at kontekst betyr mykje. Han er naturleg nok ein inspirasjon for meg og andre som har den same trangen til å drive ting framover. 

Kva er den største folkemusikkopplevinga du har hatt?

Kanskje då eg som barn høyrde Mari Boine. Eg kan hugse den kjensla, av at noko var større enn det som var i salen, og ei kjensle av noko tidlaust. 

Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år? 

Det kjem litt an på kva veg me vel å ta framover. Men eg håper jo og trur at både folkemusikken og folkedansen får eit breiare publikum, at det i større grad enn i dag er noko folk flest føler dei har eigarskap til. Og så trur eg at den genuine og akustiske tradisjonen kjem å bestå, fordi det kjem til å bli ein så sterk motpol til korleis musikk blir produsert og spelt i dag, og endå meir inn i framtida. Det er tradisjonsberarane der ute som gjer det mogleg for andre å vere nyskapande. 

Eg har vore ganske engasjert i TONO-saka, og det handlar litt om det samme. Viss me ikkje tek tak i dei strukturelle utfordringane som handlar om opphav, så gjer me oss sjølv ei bjørneteneste. Viss tradisjonen skal leve, må folk bli anerkjent som skapande kunstnarar.