
Friland - Friland
- Grappa / Heilo, 2015
- 13 spor, 36 minutt
- Produsent: Harald Skullerud
Gruppa Friland si plate med same tittel er ei problematisk plate. Den er diverre produsert slik at bassen tek det meste av merksemda. Det same gjer også perkusjonen til tider. Det er leitt, fordi det finst nyansar her som har potensial, men dei forsvinn i ei basståke.
Når ein ser bort ifrå basståka, er det første sporet – ”Valsen” – råka av ein uheldig vokalmiks. Det er altfor mykje diskant og romklang i vokalen. Det gjer at eg heng meg opp i dette i staden for å følgje med på teksten. Igjen er dette noko produsenten burde ha rydda bort.
Det same skjer i spor 3 – ”Lyssna til skogen”. Her er også vokalproduksjon og miks ikkje god nok. Vokalinntrykket er for mykje halsklang og skarpe konsonantar. Låta inneheld dessutan ein form for prolog som er umotivert. Prologen peiker ikkje mot resten av låta. Eg meiner også at doblinga av vokalen som kjem inn seinare, er forstyrrande. Ein burde ha fått fram ein tydelegare kontrast her – eller fordobla to identiske opptak.
”Påskepsalm” er derimot eit lite høgdepunkt. Dette er ein ganske fin låt, orkestrert etter skrangleprinsippet til Tom Waits. Men igjen: det er for dårleg balanse i lydbiletet. Det er dumt. Denne låta skaper ein fin kontrast til mykje av det andre materialet på plata, som er meir i Jan Johansson-land.
Det neste sporet – ”Jag med, du med” – er også ein kontrast. Her er det mannsstemma som står i sentrum – både solo og i duo med den kvinnelege vokalen. Eg blir litt glad til sinns av frekkheita på dette sporet. Eit friskt pust på ei plate som elles er i overkant sentimental.
Det er to arkivopptak på denne plata. Eg stiller spørsmålsteikn ved bruken av desse. Dette er rørande opptak frå fortida av unike eldre stemmer, men diverre gjer desse opptaka resten av plata ei bjørneteneste. Arkivopptaka framstår meir autentiske og ekte enn plata elles gjer. Det første av desse to arkivopptaka – ”Runnom” – blir repetert i ein moderne versjon av Friland sjølve, ”Rund-om”. I den moderne versjonen er planen forsåvidt god, med eit resultatet som kan minne om den sørafrikanske pianisten Abdullah Ibrahim i uttrykket. Men – som på resten av plata – perkusjonen og bassen skaper ubalanse i totalinntrykket.
Dette blir dermed ei litt sur melding kor eg ergrar meg over dårleg produksjon. Det hadde vore fint med ein produsent som ikkje hadde limt fast bass-spaken på miksaren. På denne måten blir det ikkje lett å fange opp nyansane og potensialet som nokre av låtane har.
Eg vil avslutte med å framheve låta ”Familjen”, der vokalist Karin Renberg syng i eit lågare register enn vanleg. Det synest eg fungerer godt – også for å skape kontrast til den allstadnærverande bassen.