Tekst: Redaksjonen 

Plata til Øivind Vabø kan du lese om her. 

Det er vanleg at det kjem ut mykje ny musikk kvar fredag, men det er ikkje kvar fredag det kjem fire plater med sterke røter i folkemusikken. 

Valkyrien Allstars følgjer i dag opp det kritikarroste albumet sitt, «Slutte og byne», som dei fekk Spellemann «Vente på noen som venter på noen». Denne gongen har dei med seg fleire gjesteartister, mellom anna Håvard Aufles på synth og dei tre medlemmene i Hekate på song. 

I ei pressemelding står det at sidan sist har Erik Sollid blitt betre på gitar, Martin Langlie har lært seg å spele banjo, Magnus Larsen jr har limt bassen og Tuva Syvertsen har fylt pennen. 

Igjen har dei brukt mange tema frå slåttar som er kjende i folkemusikkretsar og sett desse inn i ein heilt ny samanheng. Mellom anna kom singelen «Lyseblått» ut tidlegare i vår, og dette er ein springar på ljøsblått etter Ola Bøe. Albumet kjem ut på det svenske plateselskapet Supertraditional. 

Hekate er ikkje berre aktuelle som gjesteartistar hos Valkyrien Allstars, for dei slepper nemlig debutalbumet sitt i dag. Sidan dei song saman for første gong offentleg på Tuvas Blodklubb for eit par år sidan, har det gått slag i slag for trioen til Silje Risdal Liahagen, Malin Alander og Synnøve Brøndbo Plassen. 

Den første plata deira er spekka med danseslåttar, og varemerket til trioen har blitt ei intens og sterkt nærverande kveding. 

Det er Martin Langlie frå Valkyrien Allstars som har produsert og miksa albumet. 

I omtalen av plata «Evigheten forestår» står det frå plateselskapet Heilo at: «I natta og mørket herskar Hekate. Beståande av tre kroppar med kvar sine særskilde eigenskapar, voktar ho over månen, vegskiljer og sit med nøkkelen til portalen mellom ulike verdenar.» 

Hekate har sidan dei blei ein trio dyrka den gamle krafta i slåttetrallinga og kombinert dette med moderne klubbenergi. 

Olav Luksengård Mjelva kjem også ut med nytt album i dag. Han har gitt ut mange plater, som solist, i duo med Erik Rydvall og med gruppene Sver og The Nordic Fiddlers Block. På plata han er ute med i dag, som er utgitt under artistnamnet Afargang, viser Mjelva ei ny side som komponist, vokalist og instrumentalist. Her blandar han black metal med folkemusikken sin. 

Mjelva skriv sjølv i samband med albumsleppet at det har vore ei veldig spennande og kreativ reise, men at det tok tid å finne dei rette folka å samarbeide med. Han ønskte eit resultat der folkemusikken blei inkorporert på ein litt anna måte enn det som er mest vanleg i denne sjangeren. Plata hans blir gitt ut av By Norse, som har namn som Wardruna, Enslaved og Mari Boine i stallen sin.