Tekst: Johanne Flottorp
Kvelden startar tidleg, og allereie frå 15-tida på ettermiddagen er det mange arrangement som er igang. Her er nokre folkemusikk- og folkedans-arrangement i kronologisk rekkefølgje. For eksakte tider, sjekke programmet til Oslo kulturnatt.
Symra og Bygdelagssamskipnaden inviterer til samværsdans frå Christiania. Her kan ein få eit innblikk i kor rik tradisjonen for denne typen dans var i hovudstaden frå 1700-talet og utover. Etter innføringa er det mogleg å gå på kurs med Symra.
På Riksscenen skal Leikarringen Frøy ha kræsjkurs i rørospols. Dette er eit av arrangementa under fesitvalen OsloP. Les meir om polsfestivalen her.
Seinare på kvelden har også Riksscenen gratis inngang på arrangementet «Kaffistuggu 2», der det blir jam og dans utover natta.
Kenneth Lien og Center of the Universe spelar konsert hos Oslo Badstuforening på Sukkerbiten. Her kan du altså høyre musikk med duoen som slepper album neste veke og samtidig ta badstoge og kanskje eit bad i sjøen?
Ary Morais band skal spele konsert på Cosmopolite. Han spelar musikk frå Kapp Verde, og blandar dei tradisjonelle musikkstilane derfrå med norske jazzreferansar. Han syng på både kreol, portugisisk og norsk.
På Noregs musikkhøgskule blir publikum invitert inn til «Medieval dialogues», der konserten er ei utforsking av dialog mellom mellomalderfeler, andre instrument og songarar.
For dei som vil ta seg ein pust i bakken, er programmet «Ligg og lytt» på Sentralen midt i blinken. Her skal mellom anna trioen Mojna spele, og Spelemannslaget straum, stille med Anne Hytta i spissen. Sentralen vil vere fylt opp av madrasser og hengekøyer, og folk kan vandre frå sal til sal når dei ønsker.
På Melahuset skal Sidiki Camara spele ein konsert som har fått namnet «Et liv i musikken». Camara er ein stor musikar og perkusjonist frå Mali, og han blir rekna som ein av skaparane bak den moderne bølgja av vestafrikans Manding-musikk. Han har sett preg på musikkmiljøet i Oslo sidan 2010, og han fekk Spellemann 2023 i tradisjonsmusikk for plata «Return to the Traditions». Med seg på konserten har han det faste bandet sitt, pluss gjester som mellom anna Unni Løvlid og Erik Sollid.