Tekst: Johanne Flottorp 

Helen Engelstad er ein av initiativtakarane bak Polsklubben, ein månadleg møteplass i BLS i Nordahl Bruns gate for dei som berre vil danse pols. 

– Eg sakna ein bra stad å danse pols, og det var starten på Polsklubben. Nå arrangerer me det ein gong i månaden. Det er sosial dans, ingen instruksjon eller kakepause, bare to timar med deilig pols, der ein tek pauser når ein vil. Det er ein liten dansefest midt i veka, seier ho. 

Gjennom Polsklubben seier Engelstad at ho opplever at polsen har blitt meir variert og mindre turdansprega. Ho oppdagar stadig noko nytt, og no gler ho seg over ei veke med polsfokus i Oslo.

Samarbeid mellom lag og Riksscenen

Det er Riksscenen, med produsent Andreas Ljones i spissen, som har samarbeidd med laga i Bygdalagssamskipnaden (BLS) i Nordahl Bruns gate 22 om dansefestivalen. Engelstad og Ljones møttest første gong i BLS-styret og då byrja dei å prate saman om korleis ein best mogleg kunne koordinere dei to plassane, så dei ikkje konkrurrerer med kvarandre. 

– Det er viktig for folkemusikk- og folkedansmiljøet at me byggjer på kvarandre. OsloP er eit resultat av nettopp eit slikt samarbeid. Her blir me gode til å ta kvarandre i bruk. Dei ulike laga har alle sine forskjellige aktivitetar og kvalitetar. Det så flott at alt får plass i eit program som dette, seier Engelstad. 

Helen Engelstad har stupt inn i folkedansen etter at ho oppdaga den for tre år sidan. Ho er ei av eldsjelene bak Polsklubben og OsloP. Foto: Privat

I dag startar festivalen med ei ope øving hos bygdelagskoret Blåne, der dirigent Isa Holmgren skal ha kurs i tralling til dans, med fokus på finnskogspolsen. 

Vidare utover i veka blir det opne øvingar hos dei fleste laga i Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22. 

På tysdag er det også to arrangement utanfor dette huset. Ope øving med leikarringen Frøy på Samfunnet i Ås, og det samme med Leikarringen i BUL Oslo på Nynorskens hus. 

Torsdag kan ein få med seg både kurs i Finnskogspols og etterfølgjande konsert med Anders Lillebø og Mats Berglund, der repertoaret også er henta mykje frå det området. Begge delar er på Riksscenen.

Ny kursmoglegheiter blir det på fredag, før det også er duka for eit foredrag om heimbrentens historie (inkludert smaksprøver for dei som kjøper billett), etter følgt av dansefest. Dansefest er det også laurdag, og her er dei unge også særleg inkludert.

– Me må ikkje gløyme dei unge og at dette er levande kulturarv. Det er skikkeleg driv i folkedansen i Oslo nå, seier Engelstad. 

Mange spørsmål

Sjølv oppdaga ho dansen for berre tre år sidan, då ho ramla innom låvedans på ei ljåslåttsamling. Ho skildrar det som kan minne om ei kallsoppleving, og etter det gjekk ho systematisk til verks for å lære seg mest mogleg. Ganske raskt starta ho i alle laga i Nordahl Bruns gate, og nå dansar ho mellom 10 og 20 timar i veka. I tillegg tek ho dansestudiet på Rauland, ved sidan av å vere klinisk ernæringsfysiolog. 

Sjølv skal Engelstad vere med på ein polsverkstad med Vegar Vårdal på laurdagen. Der fungerer Vårdal som eit orakel, medan Engelstad skal stille alle spørsmåla mange kanskje aldri stiller. 

– Eg skal vere ho som byrjer å stille spørsmål, og så håper og trur eg det vil utløyse spørsmål i dei andre som er der. Men me skal danse alt saman, så om nokon stiller spørsmål om korleis ein kan breske seg på dansegolvet, så rekner eg med at Vegar vil vise det, seier Engelstad.

Ho fortel at ho er oppteken av balansekunst og gjerne vil diskutere kva tid det er greit å seie nei til ein dans og korleis ein skal gjere det. 

– Eg kjem med eit utanfråblikk og har så mange spørsmål. Kor tett eller lagt ifrå kvarandre skal ein danse? Kvifor er det slik at ein matchar godt med nokon og dårleg med andre utifrå sviktmønster? Det og mykje meir lurer eg på. 

Helen Engelstad skal stille spørsmål og Vegar Vårdal vise og svare under polsverkstaden laurdag formiddag. Foto: Riksscenen

I vinter blei festivalen Dans Dans Dans arrangert hos Riksscenen og ulike lag i byen. I motsetnad til den festivalen, som famna breitt om mange dansetypar, held OsloP (som blir PolsO baklengs) seg til nettopp polsen. 

Gjennom seks dagar blir det 18 ulike polsarrangement i byen.

– Det kan ikkje bli for mykje pols?

– Nei, eg blir aldri lei. Dessutan er det slik at pols er ikkje bare pols. Bare sjå på det heilt elleville porgrammet BUL har lagt opp, der skal dei gjennom alle polstypane på økta si. Nå skal me meske oss med det beste av det beste gjennom veka, seier Engelstad og legg til: 

– Det er så morosamt å nerde denne dansen, bryte det ned i svikt og trinn, snakke med menneske, lese historia. Det er eit lite eventyr. Eg kjenner på ein så stor og intens kjærleik for folkedansen.