«Leif Aasane er den beste spelemannen som ikkje har fått det omdøme han fortener.» Det skriv Even Tråen i tekstheftet til denne nye plata, som inneheld opptak Hans-Åge Kolberg gjorde med Aasane i 1991. Av Aasanes musikk finst det frå før av ein kassett som Buskerud folkemusikklag gav ut i 1993, og CD-en Bygutt som Ta:lik gav ut i 2007. Med andre ord ein temmeleg avgrensa produksjon frå ein så god spelemann, som gjekk bort tidlegare i år – før produksjonen av Djervt var sluttført.
I motsetnad til dagens unge utøvarar, som er svært så profesjonelle når det gjeld sjølvpromotering og -dokumentasjon, var det andre som stod bak det vesle som er publisert av Aasane sitt spel. Han fekk slag i 2004, og det vart ikkje mykje felespel etter det. Dette er soleis nok eit døme på kor viktig det er at det finst institusjonar (som NRK og folkemusikkarkiva) og privatpersonar som syter for at det vert gjort opptak med framifrå utøvarar medan spelet deira framleis er på topp. Arkivstemninga vert her, på sjarmerande vis, ekstra tydeleg når Aasane nøkternt annonserer tittelen på slåttane før han spelar.
Korleis spelar så Aasane? Bakgrunnen hans er som dansespelemann – særleg for Svene barneleikarring (der dei mellom anna dansa mykje springar). Men sjølv om spelet er stramt og taktfast, er det detaljrikdomen som fengslar når ein lyder til spelet hans. Og lyde kan ein med stort utbyte gjera lenge, sjølv om heile plata utelukkande inneheld springarar (19 i talet) og gangarar (7). Det er som ei heil verd opnar seg gjennom dette spelet.
Og det lyt seiast: Ofte når eg har meldt ei plate, legg eg henne vekk så snart eg har sendt meldinga av garde. Slik er det ikkje med Djervt. Dette er ei plate eg set på «repeat» heilt frivillig!
Aasane vart fødd i 1933, budde på Kongsberg og hadde lært spel både i Numedal og Telemark. Han sprenger soleis dei halvgamle førestillingane om spelemannens tilknytning til den næraste geografien. Aasane hevar seg over den slags – jamvel hardangerslåtten «Syreflåten» har fått plass på repertoaret.
Etnisk Musikklubb har tidlegare hatt svært ujamn kvalitet når det gjeld omslagsutforming. Denne gongen lyt dei få honnør for bruk av gode fotografi, og fin formgjeving ved Bernt Kulseth. Totalt sett er dette ein folkemusikkproduksjon av aller beste merke!

Leif Aasane: Djervt
- Etnisk Musikklubb/Musikkoperatørene, 2014
- 26 spor, 75 minutt
- Produksjon: Bjørn Laupsa-Borge og Even Tråen