Tradisjonen med bestillingsverk innafor norsk folkemusikk har fyrst og fremst blitt lyft fram av ulike folkemusikkfestivalar. Mange verk har kome ut på CD i etterkant. Nokon har blitt ståande som milepælar innafor nyskapande folkemusikk.

Kva så med Majorstuen sitt bestillingsverk Kvitre til Førdefestivalen 2014? Alt no kan ein konstatere at verket har fått eit liv etter festivalen, med turnear rundt ikring i landet. Ein animasjonsfilm blir vist til konserten, og fuglar er gjennomgangstemaet. Slik blir Kvitre, Majorstuens sjuande CD i rekkja, eit konseptalbum.

Majorstuen fyller 15 år i år. Sidan oppstarten i 2000 har gruppa hatt litt skiftande mannskap, men fire av dei opphavleg seks medlemmene er framleis med. Ein ny kar har kome med, og felespelar  Einar Olav Larsen er òg med på eitt spor (og som produsent for utgjevinga). Den som har opplevd Kvitre frå scena, vil naturleg nok dra dette med seg inn i lyttaropplevinga. På den andre sida kan ein oppleva nye dimensjonar ein ikkje fekk med seg i konsertversjonen.

Kvitre inneheld 13 spor, alle skrivne av gruppas medlemmer. Denne gongen har dei fordelt seg nokså jamt utover som komponistar. Her er stor variasjon, med glitrande og virtuost spel, umisskjenneleg Majorstuen’sk. Me høyrer opptak av fuglesong, men mest er det felene som kvitrar lekkert. Det er eit stykke frå hardingfele- og feleslåttar med fuglenamn til dette kammermusikalske brygget – der spelemennene har sleppt laus kreativiteten og henta inspirasjon i strekket mellom springleik og samtidsmusikk.

Majorstuen - Kvitre
Majorstuen: Kvitre
  • Majorstuen Fiddlers Company, 2015
  • 13 spor, 49 minutt
  • Produsent: Einar Olav Larsen

Det er ikkje ofte at ny musikk får eit vidare liv i våre dagar, sett i høve til alt som blir laga. Når det gjeld Majorstuen, er det frå før av særleg éin melodi som rir meg i hug: den fengande låten «Juledrøm» frå CD-en med same namn, signert Jorun Marie Kvernberg og eksmedlem Ragnhild Furebotten. Inneheld Kvitre så nokon tilsvarande melodi? Førebels ikkje, men her er likevel mykje som fester seg:

Med slåtten til Gauken har Andreas Ljones teke tak i sin springleiktradisjon, med eit fint innslag av alderdommeleg tonalitet. Det er forresten Ljones som er ansvarleg for animasjonane til konserten, ei kunstnarisk bragd i seg sjølv. Synnøve Bjørset kjem i Nikkersfuglen med friske assosiasjonar med glimt i auga til ein hittil ukjent fugleart. Ho livar òg oppatt minnet om ein utdøydd art i Dodo døde: Litt tung i sessen denne fuglen, og det har komponisten fått godt fram!

Anders Löfberg er nykommar og trekkfugl frå Sverige. Det mest originale bidraget hans er Koltrasten, ein hyllest til ein meistersongar og melankolikar. Jorun Marie Kvernberg gjev Kjøttmeisen evig liv med flageolettonar og springartakt i ein lettliva slått. Likevel er det Tove Hagen som etter min smak har dei jamnaste komposisjonane denne gongen: Det er kan hende hennar komposisjonar som står seg best på eiga hand. Dompapen, Svana og Kørpen. Sistnemnde er den mest interessante, sett i ljos av dette er folkemusikk med eit klart blikk inn i framtida.

I konsertversjonen var dei mørkare frekvensane, i form av Anders Löfbergs eggjande cellospel, meir framme enn på plata. Dette er eit sakn. Eg ser fram til den dagen Majorstuen vågar å sleppe til meir bassinstrument. Diskantrekkja – felene – er eit varemerke, men kan bli trøyttande i lengda. Eit vel «flinkt» lydbilde er òg eit lite minus – ein kunne stundom ynskje seg meir sjelfullt «rufsespel». Men her er konsertversjonen betre – og det er gjennom levande musikkframføring at musikarar verkeleg får vist kva dei er gode for. Får du sjå Kvitre på scena, får du i tillegg eit fascinerande filmatisk grep på kjøpet!