

25.–27. september blir det nytt hallingseminar i Rauland. Denne gongen står pardansen halling og gangar særleg på programmet.

Samlingane i samband med Hallingboka har vore ein stor suksess til no. Her ser me Martin Myhr, Egil Bakka, Rolf Bjørgan og Gunnlaug Lien Myhr frå samlinga i Ål i vår. Foto: Knut Utler.
Tekst: Redaksjonen
Arbeidet med ei kommande bok om hallingdans held fram med eit nytt seminar i Rauland 25.–27. september. Samlinga er den tredje i rekkja, og er open for alle interesserte.
Eit viktig mål med seminara er å gå gjennom nye kjelder som har dukka opp i arbeidet med boka. Ifølgje Egil Bakka har prosjektet dei siste åra gjort store framsteg, ikkje minst gjennom arbeidet med digitale kjelder.
– Vi får inn namn på hallingdansarar frå heile landet og arbeider med å identifisera og finna ut noko om dei som ligg langt tilbake i tid, fortel Bakka.
Også musikktilfanget blir undersøkt. Under samlinga i Rauland skal prosjektet for alvor ta fatt på pardansen halling og gangaren. Det passar godt i eit område som har eit omfattande kjeldetilfang om nettopp gangar og halling som pardans.
Eit av spørsmåla som kan bli diskutert, er korleis sjølve nemninga «gangar» har oppstått og fått fotfeste.
I ei uferdig skisse Bakka har laga, undersøker han historia til ordet. Han peikar mellom anna på at «gangar» finst som dansenamn i ei avis frå 1834, medan nemninga ikkje ser ut til å vere etablert i dei store musikksamlingane til Ludvig Mathias Lindeman og A.P. Berggreen frå midten av 1800-talet. Heller ikkje Ivar Aasen si første ordbok frå 1850 har «gangar» som namn på ein dans eller slåttetype.
Så skjer det noko på 1840- og 1850-talet. Då dukkar «gangar» opp i fleire kjelder, mellom anna i samband med Myllarguten sine konsertar i Kristiania i 1849. Bakka peikar på at nemninga seinare blir stadig vanlegare.
Dette reiser eit større spørsmål: Var «gangar» opphavleg ei etablert lokal nemning, eller fekk ordet eit sterkare fotfeste gjennom 1800-talets interesse for norsk bondekultur? Dette er noko av det som skal drøftast på dette seminaret.
Seminaret startar fredag kveld med middag på Raulandsakademiet, før det blir konsert med Sværsvip og dans. Laurdag og sundag blir det praktisk arbeid og seminar i ulike seksjonar, medan laurdagskvelden blir sett av til dans og sosialt samvær i Gardsjordstoga.
Samlinga er gratis, men deltakarane må sjølve betale reise, kost og losji. Arrangørane oppmodar deltakarane til å søkje lokallaga sine om reisestøtte.
Hallingseminaret blir arrangert av styringsgruppa for Hallingboka, i samarbeid med Falkeriset Folkemusikklag, Telemark Ungdomslag, Folkemusikkscena på Rauland og Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved USN. Lokale arrangørar er Stian Roland og Ingrid Rosemarie Hamberg.
25.–27. september 2026
Fredag 25. september
Laurdag 26. september
Sundag 27. september
Praktisk
Sist oppdatert
