

11. og 12. september blir Follo museum i Drøbak fylt av folkemusikk, dans, kurs, konsertar og aktivitetar for både barn og vaksne. Bak den nye festivalen FolloFOLK står blant andre felespelar Marianne Tomasgård.

Follo får sin eigen folkemusikkfestival: Der blir det mellom anna mogleg å høyre Bølingen Allstars og Marianne Tomasgård. Foto: Knut Utler.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
FolloFOLK blir presentert som «den lille folkemusikkfestivalen med det store hjertet», og skal by på eit program som strekkjer seg frå lokale tradisjonar og folkemusikk for barn til konsertar og klubbkveld.
Festivalen opnar fredag ettermiddag med Barnas FolloFOLK, der barn mellom sju og 14 år kan lære å spele folkemusikk frå Follo. Marianne Tomasgård og Mattias Thedens står for kurset, som tek utgangspunkt i historiske feleslåttar frå området og legg vekt på samspel og dans. Deltakarane får også prøve hardingfele og langeleik.
For Tomasgård handlar festivalen først og fremst om å samle eit miljø som har vakse fram over tid.
– Vi har hatt mange arrangement og kurs, men det er første gong vi lagar festival. Det er første gong noko slik blir arrangert i Akershus. Det handlar om å skape ein levande møteplass.
Tomasgård har arbeidd med folkemusikkmiljøet i Akershus i mange år. Då ho kom inn som prosjektleiar i 2008/2009, oppdaga ho at det fanst eit lite folkemusikkarkiv hos Akershus musikkråd som ho ikkje hadde vore klar over.

Marianne Tomasgård har tatt tak i dei lokale tradisjonane i Akershus. Foto: Marianne Lystrup / Folkemusikk (arkiv).
– Då fekk eg blod på tann, og sidan den gongen har det skjedd mykje. I 2017 vart det oppretta ei fast stilling som folkemusikkonsulent, som eg fekk.
Dei siste åra har også Taraldrudlåven på Follo museum kome på plass, og ikkje minst Taraldrudlåven spill- og danselag, som berre på eitt år har bygd opp eit flott miljø med faste folkedanskvelder kvar måndag. Her har eldsjel Laila Finvik Pettersen gjort ein god jobb. Tomasgård meiner både ungdomsmiljøa og infrastrukturen rundt folkemusikken no er på eit punkt der tida er moden for ein festival.
– Festivalen oppstår gjennom eit ideelt samarbeid, mellom initiativtakar Akershus musikkråd og fylkets folkemusikkonsulent, SAFFA (Samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus) og Follo museum. Follo museum har ambisjon om å bli eit regionssenter for tradisjonsbærande dans og musikk. Eg og Saffa ønsker å bidra til å hjelpe museet med dette. Og så har museet trivelege lokal. På Taraldrudlåven kan folk danse, spele, synge, ete og kose seg.
Målet er å samle aktørane og vise dei fram for eit breiare publikum.
– Det er mange som heiar på oss og synest det er eit bra tiltak. Vi legg opp til eit lågterskelopplegg som alle kan vere med på, både dans, song og musikk.
Fredag kveld blir det mellom anna kurs i springdans, ril og reinlender, før Mattias Thedens presenterer amerikanske country fiddle tunes. Ævestaden står for kveldens konsert, før Kenneth Lien og DJ Jørgen Skjulstad inviterer til Klubb Mølje, der folkemusikk, dans og elektroniske klubbrytmar møtest.

Ævestaden blir å høyre på FolloFolk neste helg. Foto: Foto: Lamia Karic.
– Follo og Akershus har ein folkemusikkhistorie, men er kanskje ikkje den delen av landet flest forbind med folkemusikk. Kva slags tradisjonar og historier ønskjer de å løfte fram gjennom festivalen?
– Det er meir notemateriale enn lydopptak i frå Akershus. Samtidig har nokre av lydopptaka har vorte transkribert, dermed har vi til no åtte notehefter som vi ofte bruker i ulike kurssamlingar. Vi er fleire som held kurs i regionen og oppmodar utøvarar til å bli kjent med dette materialet på nytt. Det begynner å ta av litt no.
Spelemannslaget De frilynte har spelt på Landsfestivalen i mange år, medan Svartskog spelemannslag i år debuterte med lokale slåttar. Bølingen Allstars, som Tomasgård er leiar i, kjem dessutan med plate på Melovitten i haust med lokalt slåttemateriale.
– Vi gjer det vi kan med den tida vi har til rådvelde for å nytte og vise fram lokale tradisjonar.
I Follo er det ein sterk og relativt samanhangande spele- og dansetradisjon. Karl Sperrbotten (1815-1905) var omreisande spelemann i Follo og Aker og dreiv også opplæring rundt om på bygdene.
På skysstasjonen Sandvigen ved Gjersjøen i Oppegård lærte han opp unge Jens Nielsen Aaslund (1855-1947), som blei ein dyktig felespelar. Han var omreisande skomakar og spelte mykje til dans. Dansefestane på Villa Sandvigen var særs populære og trekte til seg folk frå fjern og nær «med opptil 250 hesteekvipasjer foran huset» (Follominne 1988).
Han tevla også på Landskappleiken i Oslo i 1923 og kom heim med ein sølvpokal, og fekk også fleire av danseslåttane sine publisert av Andersen-Wingard. Det finst god dokumentasjon og mykje notemateriale frå denne tida, som både syner sterke slåttetradisjonar men også fornemme balltradisjonar. Dal-musikken spelte til dømes ofte til dans på Ljan herregård, der oberstløyntnant Ingier inviterte til selskapeligheter.
O. M. Sandvik uttalte seg slik om Dal-musikken: «Alle dansene er gode, noen helt utmerkede». Det er denne arven vi nå ber videre, mykje takk vere eldsjeler som Katleen Brevik som samla inn noter og historier og leia Follo gammeldansensemble i ei årrekke, samt felespelar og trekkspelar Arne Nordskaug, og mange mange fleir.
– De har lagt stor vekt på barn og familiar i programmet. Kvifor har det vore viktig for dykk å gi dei ein så sentral plass på festivalen?
– Det er eit viktig satsingsområde. Vi har jobba mot barn og unge i mange år.
For barn og familiar står mellom anna familieframsyninga Danse mi dokke, springe min hest, danseleik og Superkappleik på programmet. Superkappleiken er ei uformell kulturmønstring for barn mellom åtte og tolv år, utan poeng eller rangering. Her kan deltakarane spele, danse eller syngje – åleine eller saman med andre.
Også elles på museet blir det aktivitetar for dei yngste. Under «Møt en musiker» kan barna mellom anna få prøve fele, hardingfele og langeleik.

Det er eit rikt tilbod retta mot barn og unge under festivalen. Foto: FolloFolk.
Programmet spenner frå springdans og historiske Follo-slåttar til konsertar med Ævestaden, Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola og klubbkonseptet Mølje. Tomasgård legg ikkje skjul på at denne breidda er gjennomtenkt.
Ho trekkjer særleg fram Tuvas Blodklubb på Riksscenen som ein inspirasjon. Det som har gjort inntrykk på henne, er å sjå ungdommar utan særleg forkunnskap bli nysgjerrige på folkemusikken.
– Det å vere på Riksscenen og vere omringa av heilt vanlege ungdommar som er nysgjerrige og årvakne og synest dette er spennande utan å ha noko forkunnskap, er veldig inspirerande og moro.
Med mykje fokus på ungdom og unge folk har dei derfor lagt opp til eit eige ungdomssegment fredag, med Klubb Mølje med DJ Skjulstad aka Centre of the Universe, Ævestaden og Mattias Thedens.
Festivalen skal også vere ein måte å synleggjere dei eksisterande miljøa i regionen på. Lokale spelemannslag blir inviterte inn, og Tomasgård håpar festivalen kan få ringverknadar.
– Vi vil vise publikum det som finst av gode aktørar i regionen, som kanskje elles går under radaren hos lokalbefolkninga. Dette gjeld både dans og musikk. Det er jo stas at nokre av landets beste hallingdansarar, som Jon Bugge Mariussen og Nikolaj bo Fischer Nielsen har vakse opp på Nesodden! Og dei dyktige Haltli søstrene som har vakse opp på Svartskog. Og Selma French Bolstad vaks opp i Ås, og Jonathan Vide Jansson, også frå Ås, studerer nå folkemusikk på NMH. Og fleire med. Det er rett og slett etter kvart ganske mange frå regionen som jobbar seriøst med folkemusikk og/ eller -dans.

Nikolaj Bo Fischer Nielsen frå Nesodden kjem til festivalen FolloFOLK og skal lære bort springdans fra Akershus. Foto: Knut Utler.
Ho peikar også på dei historiske banda mellom Akershus og Østfold, og på nærleiken til Sverige. Dette blir mellom anna løfta fram i ei lita utstilling under festivalen.
– Folk blir veldig begeistra: «Jøss, har vi folkemusikk i desse traktene?» Det er mykje fint også, som eg gjerne plukkar ut og arrangerer.
Laurdag held festivalen fram med seminar om springdansmusikk og springdans frå Akershus. For dei vaksne festivalgjestene blir det seinare «Festsanger fra Follo», konsert med Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola og Erlend Viken Trio, før dagen blir avslutta med god, gamaldags dansefest på Taraldrudlåven til musikk av Svartskog spelemannslag, Flatlusa og Åretak.
For dei vaksne festivalgjestene er det dermed mogleg å gå frå seminar og tradisjonsstoff på dagtid til konsert og dans på kveldstid. Samstundes er fleire av arrangementa opne og gratis, slik at terskelen for å ta del skal vere låg.
– Dette er første året FolloFOLK blir arrangert. Kva håpar du at folk sit igjen med når dei går heim frå Follo museum?
– Eg håpar dei er veldig glade, litt overraska over alt som blir presentert, og slitne i beina etter å ha dansa.
Tomasgård håpar festivalen kan bli ein triveleg møteplass, og at det blir ei positiv oppleving også for Follo museum, som ikkje har lang erfaring med denne typen arrangement.
– Dei treng den kunnskapen som miljøet og folka våre har for å nå målet om å bli eit regionsenter for tradisjonsberande dans og musikk.

Lokalt spelemannslag: Svartskog spelemannslag tar turen på FolloFolk. Foto: FolloFolk.
Ho håpar mange frå heile Akershus vil vere nysgjerrige på det nye festivaltilbodet.
– Vi satsar på at det blir ein årleg tradisjon!
Sist oppdatert
