

TONOs ekstraordinære årsmøte har med stort fleirtal vedteke fleire omfattande endringar i organisasjonen.

Det var rekordoppmøte på TONOs ekstraordinære årsmøte i går. Foto: Kristian Dugstad/TONO.
Tekst: Redaksjonen
TONOs ekstraordinære årsmøte vedtok tysdag med stort fleirtal fleire av styret sine forslag til reform av organisasjonen. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 90,5 prosent røysta for ein ny styremodell, medan 91 prosent støtta ein ny modell for kulturelle midlar.
Den nye styremodellen reduserer styret frå elleve til åtte medlemmer og fjernar dei faste plassane for bestemte foreiningar. Den nye ordninga for kulturelle midlar blir søknadsbasert og skal etter planen innførast frå 2028.
Forslaget om å innføre førehandsrøysting fekk ikkje det nødvendige to tredels fleirtalet.
Kravet om gransking av TONO fekk støtte frå rundt ein tredel av dei frammøtte. Dermed kan eit medlem innan éin månad be Oslo tingrett vurdere om vilkåra for gransking er oppfylte.
Folkemusikk.no omtala striden rundt TONO i førre veke: «Kvifor stormar det rundt TONO – og kva har det å seie for folkemusikken?» Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
