

Neste nummer av Folkemusikk er like om hjørnet, så det er ikkje lenge før abonnentar kan ta seg ein målretta tur bort i postkassa. Les meir om innhaldet i Folkemusikk 3/2026 her. Her finn du også informasjon om korleis du kan få kjøpt dette nummeret i laussal og/eller bli fast abonnent av magasinet.
Forstørr bildetSilje Risdal Liahagen vann Vokal klasse A under Landskappleiken i Hovden og er ein av fleire utøvarar du kan lesa om i dette nummeret.
Du kan tinge abonnement av Folkemusikk her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Du vil få ettersendt dette nummeret og Folkemusikk 1/2026. Lenke til et annet nettsted. og Folkemusikk 2/2026 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. om du tingar abonnement no.
Forstørr bildetTrykk på bildet for å zoome.
Denne utgåva av Folkemusikk er eit spesialnummer med særleg vekt på årets to største hendingar på folkemusikk- og folkedansfeltet: Landskappleiken på Hovden og Landsfestivalen i Vågå. Gjennom fyldige reportasjar, intervju, bilete og analysar får lesaren eit nært møte med stemningane, menneska og høgdepunkta frå dei to stemna som samla rekordmange deltakarar og publikum.

Me rapporterer frå konsertar, tevlingar og festkveldar, og møter både unge debutantar og røynde utøvarar som reflekterer over tradisjon, fellesskap og utvikling. Les mellom anna om vinnarane i dei ulike klassene, om kongepokalvinnarane Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen, og om gruppa Skrot som gjekk til topps i gruppespel på Landsfestivalen.

Bladet inneheld også portrett av sentrale aktørar på feltet. Me møter felemakar Salve Håkedal, songar Veronica Akselsen og spelemann Daniel Sandén-Warg, som alle har sett sitt preg på folkemusikkmiljøet gjennom mange år. Samstundes løfter me fram nye initiativ og yngre krefter, mellom anna gjennom eit møte med Vest-Agder folkemusikk- og folkedanslag og arbeidet deira med rekruttering og miljøbygging.

I fagdelen finn lesarane andre del av artikkelserien til Bjørn Strand om hallingdansen i Valdres, med historiske perspektiv på utviklinga gjennom 1900-talet og fram til i dag. Me ser også nærare på prosjekt og plateslepp som kastar nytt lys over tradisjonane, frå runddansmusikk på Nordvestlandet til nyskapande konsept som Kvåvne, der tradisjonsmusikk møter improvisasjon og klubbkultur. Nummeret byr dessutan på reisebrev frå Førdefestivalen, jubileumsreportasje frå Melovitten.

Den vakne lesaren vil elles truleg merke seg at bladbunaden har vore gjennom ei renovering, og me håpar det fell i smak!
Sist oppdatert
