

.png)
Gjermund Larsen spelte under sørgjegudstenesta for Kong Harald V 30. august. Foto: Skjermdump frå NRK
For fem år sidan fekk Gjermund Larsen eit spesielt oppdrag av Nidarosdomen. Han blei spurd om å komponere og framføre musikk i sørgjegudstenesta etter Kong Harald Vs død. For rundt kongens dødsfall, er alt som kan planleggjast planlagt i god tid.
Tekst: Johanne Flottorp
– Det var ei veldig stor ære å bli spurt. Musikken var ferdig for tre-fire år sidan, men så fekk eg jo også eit litt opnare spørsmål om å spele på gudstenesta sjølv, seier Gjermund Larsen.
Avtalen blei at han skulle strekke seg så langt han kunne for å eventuelt kansellere andre ting han måtte vere ute på den dagen det blei aktuelt. Men denne helga var Gjermund heime i Trøndelag, og sundag 30. august møtte han opp i Nidarosdomen saman med pianist Andreas Utnem og urfraførte Kongsmarsj.
– Det er ein spesiell situasjon som betyr mykje for mange. Eg skulle prøve å representere musikalsk ein person som mange har eit forhold til. Det var ei vanskeleg oppgåve, men det var fint at dei spurde ein folkemusikar, seier Gjermund.
Sjølv om kongen var ein eldre mann også då førespunaden kom, skjønte Gjermund at dette låg nokre år fram i tid, så han tok seg god tid i komposisjonsprosessen.
– Eg sette meg ikkje ned umiddelbart, men tenkte og reflekterte rundt kongen som symbol og person, på kva låt som ville passe, seier han.
Namnet Kongsmarsj sette Gjermund ganske fort, for å ha noko å jobbe etter.
– Eg ville ikkje lage ein trist sørgjemarsj, for sjølv om det er trist at kongen døyr, representerer dette meir enn bare det triste. Det var så mykje fint med kongen, han representerte heile landet og folk på ein god måte. Så eg tok tak i det, og låta skal formidle håp, ikkje bare tristheit, seier Gjermund og legg til at han også ville ha med marsj i namnet for å forankre det i folkemusikken også.
Sjølv om Gjermund har skrive mange bestillingsverk før, er det noko spesielt med dette.
– Det treffer så stort, ikkje bare ein folkemusikkfestival eller eit interessert publikum. Dette er ei større hending av nasjonal betyding. Så det var eit stort og ærefullt oppdrag å få, seier han.
På onsdag skal Kong Harald V gravleggjast, og Gjermund Larsen er ein av dei som er invitert til seremonien i Oslo domkirke.
Sist oppdatert
