

Riksscena har før sesongstart gått gjennom ei stor visuell endring. Dei nye fontane, og det nye namnet, skal representere mangfaldet scena står for.

Det er både ny font og nytt namn hos Riksscena i år.
Tekst: Johanne Flottorp
– Innhaldsmessig er det ingenting som endrar seg, men me ynskjer at kommunikasjonsplattformene speglar innhaldet vårt betre enn i dag, fortel direktør på Riksscena Ane Carmen Roggen.
Dei digitale plattformane til Riksscena er utdaterte, så dei trengte ei oppgradering både teknisk og kommunikasjonsmessig, fortel ho.
– Me har funne rolla vår i det norske kulturlivet og har opplevd ei fin utvikling. Mange ulike publikumsgrupper og mange forskjellige konsept finn vegen hit. Det er eit stort mangfald og eit viltveksande og leikent program. Men me har opplevd at Riksscena har behov for å framstå tydeleg på tvers av alle desse konsepta og alle publikumsgruppene me snakkar til, med vår eigen identitet, seier Roggen.
.jpeg)
Direktør på Riksscenen Ane Carmen Roggen. Foto: Leikny Havik Skjærseth
Samstundes med lanseringa av den nye profilen, byttar også scena namn.
– Namnediskusjonen har aldri blitt langt heilt død på Riksscena, seier Ane Carmen Roggen.
For i dei 16 åra scena har eksistert, har namet vore Riksscenen, men en-ending.
Roggen fortel at mange kanskje har opplevd dette namnet som litt institusjonelt og sentralt. For dei er ei scene som skal spegle heile det lokale mangfaldet av tradisjonar.
– Samtalen om å endre namn har dukka opp igjen og igjen, så då styret bestemte at me skulle ha ein ny kommunikasjonsstrategi, sette me i gang ein ordentleg prosess rundt namnet. Skulle me endre eller ei?
Døypt av miljøet
Roggen fortel at det låg mange forslag på bordet. For det var også ein idé å endre på meir enn berre endinga.
– Me fann ut at det var for seint å «rebrande» oss heilt, og så er det noko fint med riks-namnet, seier ho.
Under ein kveld på FolkeLarm, høyrde Roggen sju ulike introduksjonar, i alle blei namnet uttalt Riksscena med A på slutten.
I mange dialektar, på nynorsk og i austnorske sosiolekter, er det a-endinga som gjeld.
– Me er ei scene for munnleg traderte tradisjonar, så kvifor ikkje la den munnlege tradisjonen vere det me følgjer også i namnet. Då lytter me til kva miljøet har døypt oss. Det er ei lita endring, men det er eit statement, seier Roggen og legg til at folk framleis kan kalle scena kva dei vil. Riksscenen og Riksscena har alltid blitt brukt om kvarandre, sjølv om dei no i det offisielle namnetrekket har valt a-forma.
%20IMG_0391.jpeg)
Den gamle logoen blir tatt ned frå veggen.
Opnar med bakgårdsfest
Det viktigaste i den nye visuelle profilen, er fonten dei no skal bruke.
– Me har utvikla ein font som har mange leikne eigenskapar og som tek inspirasjon frå mange ulike typografiske tradisjonar. Den skal også spegle noko av mangfaldet her, og vise til ulike tidsepokar me har lag av på huset, seier Ane Carmen Roggen.
Riksscena startar sesongen med ein stor bakgårdsfest i Schouskvartalet laurdag 22. august. Der skal Ævestaden og Ingrid Jasmin halde kvar sin konsert, noko dei også skal gjere seinare i haust på Riksscena.
På bakgårdsfesten blir det trekt linjer mellom folkemusikken, folkedansen, handverkstradisjonar og gjenbruk.
– Folkemusikk og folkedans er jo gjenbruk i praksis. Ein tek noko gammalt, gjer det til sitt og gjev det vidare. Det er ei vakker sirkulær kjerne i det me held på med her. Så kvifor ikkje fylle plassen med marknadsboder med handverk og bruktskattar, spør Roggen.
%20IMG_5244.jpeg)
Og den nye logoen kjem opp.
Sist oppdatert
