

Nina Byttingsmyr er kulturskulelærar i fleire kulturskular i Agder, og denne veka er ho med på å arrangere kurs og konsert i Arendal, i regi av foreininga Tragder. Ei av dei største folkemusikkopplevingane hennar kom også i denne byen, under Nordlek i 2024. Det kan du lese meir om i vekas fredagsprat.

Nina Byttingsmyr på Landskappleiken i år. Foto: Hans Heimdal/FolkOrg
Tekst: Johanne Flottorp
I helga blir det arrangert kurs i musikk og dans i Arendal, i samband med at Nortopia held konsert. Det er prosjektet Tragder som står bak arrangementet, og Nina Byttingsmyr er ei av dei som tok initiativ til dette for nokre år sidan.
Tragder starta som eit rekrutteringsprosjekt i 2022, der målet var å få opp interessa rundt folkemusikk og folkedans før Arendal skulle vere vertsby for Nordlek i 2024. Sørlandet spelemannslag og Spelemannslaget Bordun starta det saman med Aust-Agder Ungdomslag, og så var i tillegg kulturskulen Øst i Agder med i starten.
– Fram mot Nordlek var det ein del kurs i dans og spel, nokre sjokoladekappleikar, og ein del kvedarsamlingar med Olaf Moen. Dei blei veldig populære, fortel Nina.
Prosjektet blei lagt litt på is etter det store arrangementet, men no har Tragder fått inn litt nye krefter, så Marie Nivel hadde lyst til å dra i gang litt danseaktivitetar for barn igjen. Så i vår var ho og Nina rundt på skular og dansa med elevar, og i tillegg har Sørlandet spelemannslag og Tragder tatt over nokre nybyrjargrupper i hardingfele og harpe som kulturskulen sette igang i vår.
Kurset i helga er lagt opp rundt ein konsert med trioen Nortopia, som skal vere på kulturkammeret i Arendal. Dei tre musikarane i Nortopia skal i tillegg til å ha konsert halde kurs og spele til dans. Mange lokale krefter er også med som instruktørar.
– Eg forventer at det blir ei gild helg uansett kor mange som dukkar opp. Det er ein god del ungdommar påmeldt på hardingfelekurse til Johanne Mjøs, både ungdommar frå Kristiansand og herfrå. Dei møttest i sommar og hadde felles juniorlag på Landskappleiken, og snakka allereie om det der at det var fint å møtast igjen, så då kan dei gjere det i Arendal, seier Nina.
I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.

Nina Byttingsmyr med vanleg fele på Landskappleiken i 2023. Foto: Marit Sletten/FolkOrg
Namn: Nina Byttingsmyr
Fødd: 1993
Kjem frå: Froland
Bur i: Arendal
Yrke: Kulturskulelærar
– Kvifor spelar du?
Fordi det gjev meg noko ekstra. Eg får mykje utav spelinga, også sosialt. Og så føler eg at eg representerer noko, og at ein har eit ansvar for å ta vare på materiale som ikkje så mange bruker.
– Kven er dei fremste læremeistrane dine?
Det er Øystein Rød i Sørlandet spelemannslag, og så er det Ånon Egeland som eg hadde som lærar på Rauland. Elles har eg hatt eit flyktig tilvære som kursdeltakar rundt om.
– Kva var den siste folkemusikk- eller folkedansehendinga du var på?
Det var kanskje då eg sjølv spelte konsert i Ørsta i juli, eg trur ikkje eg har vore på noko etter det. Men då var det grautasøndag i regi av museet der oppe.
– Viss du berre kunne høyrd på ei folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Det er nok kanskje den første plata til Gjermund Larsen Trio, Ankomst. Eg synest han skriv ufatteleg flott musikk, det er så behageleg, fin og inspirerande musikk å høyre på.
– Kva er det siste du har lese som omhandlar folkemusikk eller -dans?
Eg trur det må vere ei utgåve av Folkemusikk. Eg har drive å rydda litt no, og då har eg funne mange gamle blad eg har sett litt i.
– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
Viss du skal ha gull, så må du høyre på gamle opptak med Sigurd Fjeldstad. Dei er underhaldande, og det er veldig interessant å dykke ned i spelestilen hans. Det er koselig å høyre korleis han prater også, og så blir litt ekstra musikk når du fårkona Ella på harpeleik ved sida. Det er mange gode opptak og han speler fint, så det er gøy å høyre på.
– Kva er den største folkemusikk- eller folkedansopplevinga du har hatt?
Det er litt å velje mellom. Men det var jo veldig spesielt å vere arrangør av eit stort nordisk folkedansstemne i Arendal, Nordlek i 2024. Ein tenkjer at Arendal ikkje har noko med folkemusikk og folkedans å gjere, men at heile Norden kom til Arendal og at det fungerte, og at me hadde ei stor og kul oppsetning i hamnebassenget i Pollen, det er nok ei av dei største opplevingane eg har hatt.
Sist oppdatert
