Folkemusikk logo
Logo

Nygaardfestivalen heidrar P. A. Røstads gammeldansorkester

21.–23. august blir det konsertar, dans, foredrag og spelmannsmesse når Nygaardfestivalen går av stabelen på Rudi gard i Sør-Fron. Årets heidersgjester er P. A. Røstads gammeldansorkester.

Tekst: Redaksjonen

Nygaardfestivalen er etablert for å heidre minnet etter Oddvar Nygaard, ein av dei fremste trekkspelarane i Gudbrandsdalen i si samtid. Nygaard var kjend for eit breitt repertoar, frå underhaldningsmusikk til klassiske verk, og var sentral i utviklinga av slåttestilen innan gammaldansen.

Kvart år løftar festivalen fram ein spelmann eller ei gruppe som har hatt ein viktig plass i tradisjonen. I 2026 går denne heideren til P. A. Røstads gammeldansorkester.

– Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen heidrar kvart år ein spelmann eller ei gruppe, seier arrangør Øystein Rudi.

Oddvard Nygaard og kvartetten hans var særs populære i samtida.

Konsertar og dans

Festivalhelga startar fredag kveld med Oddvars gåmmåldanspøbb, før Silja Lid Strysse og Simen Håland held intimkonsert. Seinare på kvelden står Kristina Farstad Bjørdal og Jorunn Marie Kvernberg på scena, før det blir dans til P. A. Røstads orkester og andre påmelde grupper og lag.

Laurdag står festivalprogrammet i sentrum. Dagen byrjar med formiddagsdans i Rudilåven, der årets heidersgjester spelar.

– Årets heidersgjester spelar opp til formiddagsdans. Dans som du kan, eller få gode tips frå nokre av landets aller fremste dansarar, fortel Rudi.

Lærer bort trønderrepertoar

Eit av dei meir spesielle innslaga på laurdag er samspelsstunda med P. A. Røstad jr. Her skal deltakarane få lære låtar frå trønderrepertoaret, samtidig som Røstad fortel om særtrekka ved trøndergammaldansen.

– Delar av repertoaret til Hilmar Alexandersen og P. A. Røstad er allemannseige, og her kan du bli med på ei skikkeleg allspeløkt der orkesteret står i sentrum, og alle er velkomne til å vera med, seier Rudi.

Samspelsøkta er også knytt til spelmannsmessa i Sør-Fron kyrkje søndag. Deltakarane skal avslutte økta med å spele gjennom fellesslåttane som skal brukast under messa.

Foredrag om Oddvar Nygaard

Festivalen introduserer i år også «Nygaard-foredraget», som etter planen skal bli ein årleg del av festivalen. Første ut er Rasmus Stauri og Ola Grøsland, som begge har lang erfaring med tradisjonsmusikk og eit nært kjennskap til Oddvar Nygaard.

Stauri var tett på Nygaard gjennom mange år og har arbeidd mykje med folkemusikkhistorie. Grøsland er dansar og folkemusikk-kjennar frå Vågå og var i fleire år med då Oddvar Nygaards kvartett reiste rundt og spela.

– Ola var fast inventar i baksetet i fleire år når Oddvar Nygaards kvartett reiste på speling. Slikt blir det gode historier ut av, og Ola har eit fenomenalt minne og vil fortelje frå denne gulltida, seier Rudi.

Nygaard-foredraget skal ifølgje arrangøren vere ein del av festivalen sitt arbeid med å ta vare på kunnskapen om Oddvar Nygaard som både musikar og menneske.

Rasmus Stauri og Ola Grøsland fortel om Oddvar Nygaard. Foto: Thomas Westling.

Ungdom og festkonsert

Laurdag ettermiddag blir det ungdomskonsert med utøvarar under 25 år. Alle instrument, solistar og grupper er inviterte til å delta, med Even Luseter som programleiar.

Seinare på kvelden blir det festkonsert for P. A. Røstads gammeldansorkester. Her skal påmelde grupper og lag spele til ære for årets heidersgjester, før kvelden blir avslutta med dans.

Avsluttar med spelmannsmesse

Søndag blir festivalen avslutta med spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje. Folkemusikkliturgien er komponert av Jo Asgeir Lie og blir i år framført i si heilskap for første gong.

Trekkspel skal vere med både i koret og på galleria, medan organist Sergey Shulga også deltek.

– Det blir trekkspel i koret, trekkspel på galleria og organist Sergey Shulga er med. Saman skal dei løfte taket av Gudbrandsdalsdomen, seier Rudi.

Med årets festival knyter Nygaardfestivalen saman fleire sider av tradisjonsmusikken: arven etter Oddvar Nygaard, gammaldansen, vidareføring av repertoar mellom generasjonar og den levande musikken i kyrkjerommet.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024