Folkemusikk logo
Logo

Unge hardingfelespelarar frå Vestlandet kan bli tildelte minnepris

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris blir delt ut på Vestlandskappleiken i haust. Styret for minneprisen bed no om forslag til aktuelle kandidatar.

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris går til unge hardingfelespelarar frå Vestlandet.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris skal i haust delast ut for åttande gong. Prisen er på 20.000 kroner og går til ein ung, lovande utøvar på hardingfele frå Vestlandet.

Minneprisen vart etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes, som sjølv var aktiv hardingfeleutøvar. Ho omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Formålet med prisen er å styrke interessa for hardingfelespel blant unge og oppmuntre til ei varig interesse for instrumentet. Kandidatane må vere mellom 12 og 18 år, tilsvarande C-klassen på kappleik, og vere frå Vestlandet. Prisen er eit personleg stipend.

Anders Møn Mjelde fekk prisen under Vestlandskappleiken i Øystese i fjor. Foto: Erling Moxnes.

Blir delt ut på Vestlandskappleiken

Årets pris blir delt ut under Vestlandskappleiken på Skei i Jølster 2.–3. oktober.

Styret for minneprisen ber no om forslag på aktuelle kandidatar. Forslag med grunngjeving må sendast inn innan fredag 11. september.

Forslag kan sendast til Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscars gate 15, 5017 Bergen, eller på e-post til kontoret@bergen.ungdomslag.no. Konvolutten eller e-posten skal merkast «Minnepris 2025».

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024