Folkemusikk logo
Logo

Bestens faste uttrykk blei til konserttittel

Denne veka startar konsertserien «I dag spelar me» opp på Havfuglen café utanfor Stavern. Kaféinnehavar Turid Spildo var aldri i tvil om kven som skulle stå for den første konserten.

Turid Spildo og dottera Aftur Spildo Nerdrum bak disken på Havfuglen café. Foto: Privat

Turid Spildo og dottera Aftur Spildo Nerdrum bak disken på Havfuglen café. Foto: Privat

Tekst: Johanne Flottorp

– Eg ville at Alexander Røynstrand skulle byrje. Han er frå Granvin som meg, og spelar hardingfele som meg, fortel Turid Spildo. Ho har budd i Stavern i 25 år, og for to år sidan opna ho Nerdrum museum saman med resten av familien. Kafeen kom nokre månader etter at museet opna, og det er Turid som driv denne. Det er fleire ulike arrangement på kafeen gjennom året.

– Me har poesikveldar og filosofisk hjørne. Me liker det smale. Det er i slekt med museet, som satsar på klassiske verdiar både i bilda og i utforminga av bygget. Det er jo litt på sida av vår tid, seier ho.

Treng inspirasjon

Ideen om å legge til ein eigen konsertserie med folkemusikk, har kome som følgjer av eit slags sakn.

– Sjølv spelar eg mest etter at eg har vore ilag med andre som spelar. Men eg bur i eit område med lite folkemusikk. Eg vil gjerne spele meir, men då må eg bli inspirert. Kanskje det var det som gjorde det?, spør ho.

Havfuglen café

På torsdag startar ein ny konsertserie opp på Havfuglen café på Agnes mellom Larvik og Stavern. Foto: Privat

 Torsdag arrangerer ho folkemusikkonsert for første gong, når Alexander Røynstrand tek turen. Utover hausten kjem også Karolina Westling og Irina Vogt Westling, Lars Ingar Meyer Fjeld og Martin Steinum Brun for å halde kvar sin konsert. Over nyttår har ho også fleire namn klare, mellom anna Lajla Renate Buer Storli og Knut Hamre og Sinikka Langeland. Konsertane blir arrangert siste torsdag i kvar månad, med gratis inngang. Museet og kafeen ligg på Agnes, mellom Larvik og Stavern, og er eit område som er under oppbygging. I eit hus på plassen held 30 kunsthandverkarar til, og det dukkar stadig opp leiligheiter der. Når turistane reiser etter sommaren, er det mest dei lokale som går ut.

All aktiviteten som skjer på kafeen er med på å gjere han kjend.

– Målet mitt er at det skal vere liv i kafeen også vinterstid, dei månadene museet er stengd, seier Turid.

Namn etter Besten

«I dag spelar me» er eit personleg namn for Turid.

– Då eg byrja å spele fele med besten min, kom han meg i møte då eg kom heim frå skulen. Han sa ofte «i dag spelar me». Det var ikkje eit spørsmål om eg hadde lyst, men ei konstatering.

Besten budde i eit anna hus på tunet, og Turid sprang inn og fekk seg litt mat før ho gjekk over til han. Så spelte dei, gjerne fleire gonger i veka.

– Den halvvegs tvangen der trur eg var veldig bra for meg. Eg var sjenert, og hadde eg fått spørsmål om eg ville spele, hadde eg sikkert sagt nei. Så at han tok avgjerda for oss om at i dag spelar me, var bra. Den setningen sit i hovudet på meg.

Setningen har også blitt sagt, eller skriven, andre stader i landet i samband med felespel. Spelemann og kjøpmann Olav Groven var ikkje sein med å stenge butikken sin dersom det kom spelemenn innom. Då stod det lapp på døra om at «bui er stengd. I dag spilar me».

– Det er ein tittel som betyr at nå legg me alt til side og fokuserer på spel, seier Turid Spildo.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024