Folkemusikk logo
Logo

Fristen for å nominere kandidatar til Folkelarmprisen er om ei veke

Har du gitt ut musikk, laga ei framsyning, arrangert eit arrangement eller på annan måte gjort ein innsats for folkemusikken og folkedansen det siste året? Då er det på tide å melde det på til Folkelarmprisen 2026. Fristen er 1. september klokka 23.59.

Årets folkemusikar i 2025 vart Ingrid Lingaas Fossum. Om ei veke er fristen for å nominere kandidatar til dei ulike priskategoriane. Prisutdelinga er på Folkelarm i november. Foto: Flora Wiederkehr.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Folkelarmprisen er folkemusikken og verdsmusikken sin eigen bransjepris, og har vore ein del av Folkelarm sidan starten i 2005. I år skal det delast ut totalt tolv prisar, og nominasjonane er opne for originale album, visuelle uttrykk og produksjonar innan folkemusikk og verdsmusikk som er gitt ut eller gjennomført i Noreg i perioden 31. august 2025 til 1. september 2026.

Fristen for påmelding i alle kategoriar er 1. september klokka 23.59. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Éi påmelding for alle kategoriar

I år er påmeldinga samla i eitt skjema. Plateprisane kjem først, deretter sceneproduksjonar, Årets dans og bransjeprisane.

Det er mogleg å melde på i følgjande kategoriar:

  • Årets album – Solo
  • Årets album – Samspel
  • Årets album – Dansespel
  • Årets album – Open klasse
  • Årets dokumentasjon
  • Årets produksjon – Konsert eller framsyning
  • Årets produksjon for barn og unge
  • Årets visuelle uttrykk
  • Årets arrangør – Program eller konsept
  • Årets dans
  • Årets bransjeaktør
  • Årets artist

Nokre av priskategoriane er nye av året. Endringane skal mellom anna gi rom for å løfte fram fleire sider av folkemusikk- og dansemiljøet. Les meir om dei nye priskategoriane her. Lenke til et annet nettsted.

Frå album til danseaugeblikk

Dei fire albumkategoriane dekkjer både soloutgjevingar, samspel, dansespel og meir sjangeroverskridande prosjekt. I tillegg kan utgjevingar som dokumenterer tradisjonar og uttrykk som har vore lite tilgjengelege, meldast på til Årets dokumentasjon.

Folkelarmprisen omfattar likevel langt meir enn plateutgjevingar. Årets produksjon kan gå til ei konsert- eller sceneproduksjon som har løfta fram eller utvikla folkemusikken og folkedansen, medan prisen for produksjon for barn og unge kan gå til mellom anna ei framsyning, konsert, plate eller bok.

Det finst òg eigne kategoriar for det visuelle uttrykket rundt folkemusikk og folkedans, arrangørverksemd og dans.

Årets dans skal løfte fram personar, arrangørar eller lag som har gjort ein særleg innsats for folkedansen, men kan også gå til ei framføring, eit danseaugeblikk eller ei publikumsoppleving som har skilt seg ut.

Bransjepris og artistpris

Folkelarmprisen skal også synleggjere arbeidet som skjer rundt sjølve utøvarane. Årets bransjeaktør kan gå til ein produsent, regissør, musikkforleggjar, organisasjon, bedrift eller annan aktør som har bidrege positivt til utviklinga av folkemusikken og folkedansen. Det er styret i FolkOrg som er jury for denne prisen.

Årets artist kan gå til ein dansar, musikar, gruppe, ensemble eller kompani som har utmerkt seg i formidlinga og utviklinga av folkemusikk og/eller folkedans det siste året.

Har du noko som høyrer heime i ein av kategoriane, er det altså berre få dagar igjen: Påmeldingsfristen er 1. september klokka 23.59. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Prisane blir delte ut under Folkelarm i Oslo laurdag 21. november.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024