

Hardingfele og folkesong får ein sentral plass under årets Hardanger Musikkfest, der Benedicte Maurseth, Ragnhild Hemsing og Martin Steinum Brun medverkar i fleire av konsertane.

Benedicte Maurseth spelar Mirra på Hardanger musikkfest. Foto av Ravyna Jassani : Sydney Opera House.
Tekst: Pressemelding / redaksjonen.
Torsdag 27. august presenterer Benedicte Maurseth Mirra på Krossvoll på Lofthus. Albumet er oppfølgjaren til Hárr, som Hardanger Musikkfest bestilte i 2019. I Mirra blir slåttetradisjonen sett saman med element frå jazz og samtidsmusikk, og villreinen på Hardangervidda står sentralt i verket.
Maurseth gjekk i lære hos spelemannen Knut Hamre og har gjennom fleire prosjekt arbeidd i grenselandet mellom tradisjonsmusikk, improvisasjon og samtidsmusikk. På konserten i Hardanger spelar ho saman med Håkon Stene, Mats Eilertsen og Morten Qvenild.
Ragnhild Hemsing medverkar på fleire av festivalens konsertar. Ho arbeider både med den klassiske musikktradisjonen og med norsk folkemusikk, og har dei siste åra vore involvert i nye verk skrivne spesielt for hardingfele.
Under festivalen spelar Hemsing mellom anna med Kringkastingsorkestret i Fossegrimen, og ho medverkar også på jubileumskonserten fredag 28. august og Griegkonserten søndag 30. august.
.jpg)
Ragnhild Hemsing blir å høyre i Hardanger. Foto: Alf Simensen.
Folkesongaren Martin Steinum Brun frå Vågå er også ein del av festivalprogrammet. Brun er tradisjonsberar og arbeider mellom anna med vokal folkemusikk og lyre. Under festivalen medverkar han i fleire ulike samanhengar, frå konsertar for barn til kyrkjerom og den tidlegare kraftstasjonen som utgjer Kraftkatedralen.
I Trådar av ljos i Ullensvang kyrkje laurdag 29. august møter Brun Helsinki Chamber Choir. Han deltek også på avslutningskonserten Atterklang i Kraftkatedralen søndag.

Martin Steinum Brun held konsert på sundag under Hardanger musikkfest. Foto: Knut Utler.
Brun vart kåra til Årets unge folkemusikar under Folkelarmprisen i 2024 og vann A-klassa i vokal folkemusikk på Landskappleiken i 2025.
Mirra: Krossvoll, Lofthus, torsdag 27. august kl. 20.30. Med Benedicte Maurseth, Håkon Stene, Mats Eilertsen og Morten Qvenild.
Ragnhild Hemsing: Jubileumskonserten fredag 28. august, KORK i Hardanger laurdag 29. august og Griegkonserten søndag 30. august.
Martin Steinum Brun: Trådar av ljos i Ullensvang kyrkje laurdag 29. august og Atterklang i Kraftkatedralen søndag 30. august.
Sist oppdatert
