Ømt, kraftfullt og akrobatisk
Frikar: GotoGuta
  • Førdefestivalen (Kinosalen i Førdehuset), 1. juli 2015
  • Koreograf: Hallgrim Hansegård
  • Dansarar: Hallgrim Hansegård, Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springgard
  • Musikar: Andris Hemsing (fele)

GotoGuta heiter framsyninga. Ho varer ein time, og er bygd opp som ein dag. Vi sit framfor ei mørklagd scene og høyrer forsiktige feletonar. Brått får vi eit glimt av tre karar som står på hovudet i trekantformasjon. Så blir det mørkt att. Neste gong vi ser dei, står dei og held kvar sin vesle lysskjerm mot seg, og syng trestemt på upolert mannfolkvis: «Nu rinner solen opp av østerlide…». Heile første verset av den gamle salmen.

Dei har klart å overraska oss. Vi blir nysgjerrige på kva dette skal tyda. Kom ikkje vi her for å sjå Valdres sitt svar på Backstreet Boys, som det sto i programmet? Er ikkje Frikar gruppa som skal ta pusten frå oss med halsbrekkande sprang og rørsler? Og så opnar dei med salmesong!

Jau, vi får det vi har venta. Det også. Men fyrst er det ein mjukare tone i rørslene. Dei tre dansarane utfordrar oss på slikt som har med nærleik og avstand å gjera. Om lengt og frigjering, om kor kjælne menn kan vera mot einannan utan at det truar maskuliniteten deira. Det skal syna seg at det er ganske mykje.

Menn i full breidde

Fyrst ser vi gutane svinge seg i dansen i ganske tradisjonelle turar. Litt uvant er det sjølvsagt å sjå guten snurre slik jenta brukar i folkedansen, men det er òg augeopnande. Når ein ser noko som er omsnudd, fører det ofte til at ein opnar opp nye tankebanar og kan få nye assosiasjonar og verdifulle opplevingar.

I GotoGuta merkar vi at energien som flyt mellom dei som er på scenen, utfordrar oss. Det er både svært kjenslevart og fullt av kraft og humor. Det gjer godt å sjå menn te seg slik, med ei så stor breidde i uttrykket.

For sjølvsagt er her hallingkast, spretne spark og hatt som fyk – det hadde ikkje vore Frikar elles. Men her er òg vâr kontaktsøking og ømme famntak. Som sprekk i konflikt og klaustrofobi. For når er det nært nok? Når er det tid for å sleppe opp og gje rom for avstand? Og kva når ein er dregen mot nokon som har sin lengt i ei anna retning? Kva når ein rett og slett blir uvenner? Slike kjensler dansar dei med, dei tre Frikar-gutane, og dei gjer det på friskt vis, endefram og utan ironi.

Kjenner oss att

Framsyninga rører seg i eit spennande grenseland mellom øm pantomime, leikeslåssing, akrobatikk og dans. Dei er ikkje redde for å vera konkrete, og spelar med heile kroppen, inklusive mimikken. Denne røffe forma har umiddelbar appell. Ulikt mykje på samtidsdansens område, som somme gonger kan bli så abstrahert at kontakten med publikum er vanskeleg å oppnå, har Frikar ingen slike hindre ved scenekanten. Dei treffer både unge og gamle, og ein treng ikkje eitt einaste vekttal i kunstfag for å la seg ta av dette. Ja, jamvel om det er berre menn på scenen, og mykje av det dei framstiller er guteaktig, kjenner eg at framsyninga handlar om meg som kvinne også. Dei har makta å gjera dansen til ei tolking av ålmenne menneskelege kjensler. Litt fastare struktur i framsyninga hadde gjort henne endå betre, men vi let oss rive med i leiken og kampen deira.

Svingar og græt

Musikken er eit kapittel for seg i denne framsyninga. Bortsett frå salmesongen, eit par morosame innslag frå ein ghettoblaster på scena med Backstreet Boys og eit opptak av ein kvedar som tullar til dans, er det Andris Hemsing som syter for tonefylgjet. Det gjer han på meisterleg vis. Ikkje berre trakterer han felene sine så det både svingar og græt. Anten han stryk på strengene, klimprar på dei, eller trampar takten, er han med sin måte å spele på, ein fjerde dansar i laget. Han sit for det meste staut på sida av scenen, og blir på den måten eit ankerfeste til det som er gamalt og som framleis varer – ein basis som vi rører oss i forhold til.

Lyset byggjer på effektivt vis opp under framsyninga. Dei små lyskastarane som dansarane ber med seg og plasserer ulike stader, er eit spennande supplement til den store lyssetjinga. Mektig er det når «det lid mot kveld», og skuggane stig opp langs bakveggen på scena.

Ømt, kraftfullt og akrobatisk
Hallingkast høyrer med der Frikar er på farten. Og ja, hatten kom av! Lett som ein plett!
Ømt, kraftfullt og akrobatisk
Dei er ikkje redde for å syna mjuke sider, karane i Frikar. Her er ei kjenslevar stund, eit slags Pietá-motiv.

Nye rom

Fenomenet Frikar er noko av det beste som har hendt i norsk samtidsdans. Hallgrim Hansegård og dei han har med seg maktar gong etter gong å skape nye, spennande rom på ein grunnmur av folkemusikk og folkedans. Tidlegare har dei spunne mykje kring myter og overtru, men denne gongen er dei over i det meir ålmenne.

Og når timeglaset renn fullt, kampen, leiken og stemningane er utforska, vindar dei opp dagen med ei ny salme: «Nu dagens lys sig sniger hen…». Det er ei kraftfull ramme dei har valt: å setje dagens strev og glede inn under Guds lys på den måten.

At vi har slike sterke krefter som nyttar det urnorske på slike nyskapande måtar, er rikt. Måtte dei få armslag til å arbeide vidare og skape endå fleire framsyningar enn GotoGuta, som er blitt til i samarbeid med Førdefestivalen.