Utgangspunktet for denne plata er spesielt. Det er ein historisk referanse som bestemmer konseptet i 2015. Østerdalsmusikk er ei nytolking av eit legendarisk jazzkonsept frå 1975. Denne opphavelege plata var igjen basert på folketoneboka Østerdalsmusikken (1943) av folkeminnegranskaren Ole Mørk Sandvik. På den opphavlege Østerdalsmusikk deltok epokemusikarar frå norsk syttitalsjazz, mellom anna Knut Riisnæs, Bjørn Alterhaug og Jan Garbarek. På den nye plata som no står på hi-fi-en, er det Torgrim Sollid som er bakmannen – som han var i 1975. Og han har med seg eit flott orkester denne gongen òg.

Plata er prega av å vere live-materiale frå ulike konsertar på Austlandet. Dermed er lyden varierande frå spor til spor – men aldri dårleg eller ubalansert. Og det er variasjonar innimellom all impro-jazzen. Slik som på opningssporet – den evig vene bruremarsjen ”Bruremarsj etter Martinus Helgesen” – der vokalen er den musikalske kjernen. Dette fungerer svært fint, synest eg. Det vokaliske blir også reflektert og transformert inn i eit jazzuttrykk. Det er noko som går att på denne plata: Dei beste spora er dei som er ramma inn av tradisjonsvokal og kveding.

Østerdalsmusikk [2015]
Torgrim Sollid m.fl. - Østerdalsmusikk
  • NORCD, 2015
  • 15 spor, 50 minutt
  • Produsent: Tom Steinar Lund

I spora som er instrumentale jazzvariasjonar over folketonar, er faren større for å gli inn i improvisasjonsbasar: Det blir inflasjon i gode idear som avløyser einannan, og det gjer at spora blir for like. Men i dette første sporet er det ikkje eit problem. Dette er ei herleg bryllaupsfeiring med trøkk som går over i frijazz. Alt blir bunde saman av fine overgangar. I botn lagar Birger Mistereggen eit teppe som gjer dette til ei plate verdt kjøpet.

Som nemnt er det eit mylder av ulike live-opptak på denne plata. Veldig mykje av improvisasjonen er prega av å vere ein del av ein større live-setting. Informasjonsflyten i dei store impro-spora er ikkje heilt enkel å følgje for meg på hi-fi-en min. Men trass i stor infomengde, er det høgdepunkt som får meg til å bli glad musikalsk. Eg syns kulokkpastisjen ”Kulokk fra Ljørdalen” er ei skikkeleg skiten og fin tur ut i utmarka. Det kjennest som at stova blir fylt med kuskit. Eit preparert piano gjer det meste av susen og skaper seterstemningar som forlengst er utdøydd. For oss som har vakse opp med kyr ikring oss, er dette til å bli rørt av. Det vokaliske på dette sporet er styggvakkert, slik rautinga i utmarka også er: den er vakker, men også farleg. Kyr er som kjend store dyr ein skal vere varsame med. ”Kulokk fra Ljørdalen” er økologisk jazz på sitt beste.

Eit anna fint lyttepunkt er ”Bånsull etter Peder Gjermundsen”. Her er vokalen i fokus – med alt ikring tona ned. Det er bra! Perkusjonisten skaper her fram eit nesten programmatisk dunke-parti: Dette skal igjen illudere at faren står og slår korn i sullen. Det er ikkje alltid slike programmatiske parti funkar – men det gjer her.

I ”Polsbol” gjøglar perkusjonist Mistereggen fram eit anna høgdepunkt på plata: Tre trommesekvensar står som pålar i jorda. Eg seier sekvensar fordi dei er lagde som overgangar mellom to polskar og ein pols. Dette er eit nydeleg spor med eit arkaisk preg som fungerer godt. Det heile er, slik det så ofte var før i tida, responsorialt, som vekslinga mellom forsongar og kor. Og heilt fritt for jazz. Det gjorde faktisk litt godt som kontrast på denne plata.