Heidølen Øyvind Smidt har lenge spelt ei viktig rolle i Trondheims musikkmiljø. Når han no «debuterer» med album, er det langt frå første gongen han er å finne på plate. Smidt har spelt med mellom andre Ida Jenshus, Rita Eriksen og Rasmus & Verdens Beste Band. I tillegg har han vore å finne som musikar i diverse framsyningar ved Trøndelag Teater. Det er likevel første gong han sjølv står musikalsk i fokus.
Felefunk – som også kunne heitt felefusion, ettersom det blandar så mange ulike musikksjangrar – er eit ti låtar langt album, med Smidt sitt felespel i hovudrolla. Men Smidt speler også andre strengeinstrument: mandolin, gitar, bratsj, bass og piano. Ni av låtane er skrivne av han sjølv.
Albumet opnar med «Kattejakta», ein munter og drivande melodi som raskt får akkompagnement av fullt band. Eg skal innrømme at tradisjonelt rockekomp på folkemusikk ikkje heilt er min kopp med te. Det strittar litt i meg idet bandet set inn etter feleintroen. Men melodien er fengande og god. Etter kvart kjem også eit meir jazzaktig brot, i form av ein saksofonsolo; «Kattejakta» er eit godt opningsspor fordi det viser fram kva for ei sjangerblandande plate dette er.
Denne blandinga står også å lese i låttittelen «Mixmasteren». Låten følgjer etter «Brudemarsj fra Garstad», ein høgtideleg og smektande favoritt skriven av Kyrre Havdal, medan «Mixmasteren» etter min smak blir for mykje. Her tek for eksempel fela bråkjekt over etter ein feit, klassisk elgitarsolo. «Smidt og Smule» har derimot lettare perkusjon og akustisk gitar. Eg reknar med at tittelen er ein referanse til dei to barne-tv-karakterane Smitt og Smule? I så fall er det ein melodi og ei framføring som på særleg godt vis hermar namnebrørne sine – eg tek meg sjølv i å tenkje at dette kunne ha vore kjenningsmelodien til tv-programmet.
Det leikne, lette spelet er i det heile tatt kjenneteiknande for Øyvind Smidt på dette albumet. Ein skulle ikkje tru låtane var spelt inn vinterstid, men heller gjennom dei lyse nettene det var så mange av i sommar. Samspelet er det også lite å seie på. Sjølv om det for min del er litt for mange smakar blanda saman i denne miksen, speler musikarane som ei eining, ei gruppe.

Øyvind Smidt: Felefunk
- Touchdown Music/Ess Engros, 2014
- 10 spor, 45 minutt
- Produksjon: Øyvind Smidt
Ein ting eg ofte har lurt på, er kva som er greia med folkemusikarar og dovne ordspel. Øyvind Smidt slår til med springleiken «Springlike» – men det er greitt det, eg held fram i same spor, og gir ein like til «Springlike». Med berre fele og mandola er låten meir nedstrippa i uttrykket enn mange av dei andre. «Sprækingen» er den einaste melodien Smidt framfører solo, på bratsj. I tillegg til «Kattejakta» og «Brudemarsj frå Garstad» er dette kanskje den flottaste melodien på albumet.
Til avslutning kjem «Brurmarsj til Erik og Sigrid». Med softrocktrommer og gitartwang tek arrangementet noko av det varsame og sårbare ut av melodien, og gjer han i staden pompøs. Dette store og breie musikalske uttrykket er sjølvsagt eit medvite val frå Øyvind Smidt si side. For mine øyre blir det likevel slik at lydbilete, arrangement og produksjon tek noko av luven frå dei gode melodiane og det muntre spelet hans.