Tre ekstremt ulike plater er det som ligg framføre meg på pulten. Tre plater som tangerer ulike tradisjonar og målgrupper, og veldig ulike når ein kjem til nivå.
Ornamentfellesskap
Gjermund Larsen si siste plate Trønderbarokk er den mest tradisjonelle av dei tre. Eit samarbeidsprosjekt med Trondheimsolistene; ei glitrande god plate, må eg seie innleiingsvis. Produksjonen er ypparleg. Resultatet er at dei små fasettane blir framkalla i dette omfattande prosjektet. Og når eg seier fasettar, tenker eg særleg på noko eg vil kalle ornamentfelleskapet. Solist og ensemble har på denne plata lagd band mellom to ornamenttradisjonar: barokkmusikken og norsk tradisjonsmusikk. Det sistnemnde er Larsen sitt landskap. Trøndersolistane er derimot virtuose innan nettopp barokk. I det ligg det ei ungdommeleg kraft spreidd i spora på denne plata: dette er Trøndersolistane sitt varemerke. Resultatet er framføringar som hadde vore umoglege for eit ordinært spelemannslag.
Eg kunne trekt fram ei rekke enkeltspor for underbygge dette. Eg vel å halde meg til eit einaste eitt: tittelsporet «Trønderbarokk» – ei låt som hadde vore perfekt som filmmusikk til ein hasardiøs biljakt. Låta utvikler seg over tid og er både underhaldande og dansbar. Det heile har litt same slapstickpreg som tidlegmusikkensemblet Il Giardino Armonico, eit italiensk barokkorkester som nesten ruser seg på rå riff og lyden av tre. I dette rike sporet famnar ensemblet og solisten alt dei er kapable til. Det skaper dessuten stor spaning med kadenspartiet midtvegs i låta: her er det modernistiske cluster som nesten sporer låta av – og inn på eit nytt spor.
Denne vekslinga finn ein igjen i resten av Trønderbarokk. Her vekslar Larsen og ensemblet mellom rullande raske låtar og innovervende tonar. Alt er lekkert pakka inn i barokk ornamentikk.

Gjermund Larsen: Trønderbarokk
- Øra Fonogram/Musikkoperatørene, 2014
- 10 spor, 39 minutt
- Produksjon: Øyvind Gimse og Gjermund Larsen
- Nominert til Spellemannpris 2014 i klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk

FatDog: New Found Land
- Riverboat Records/World Music Network, 2014
- 10 spor, 48 minutt
- Produksjon: FatDog
Nordsjødarlings
Dette er ikkje tilfellet med den andre plata i bunken min, New Found Land med den nystarta gruppa FatDog. Det er ei plate som ikkje er så god. Eigentleg består Fatdog av to grupper para til ei ny gruppe, og bandnamnet er ein symbiose av namna Doggerland og Fattigfolket. Slik er debutplata også: ein symbiose av darlings. Konseptuelt skal låtane vere frå alle kantar av Nordsjøen. Dette konseptet er i utgangspunktet lokkande; diverre blir dette ikkje spegla når ein set plata på.
For det første er plata, som tilsynelatande er spelt inn live, for lite variert. Svært mange av låtane er svært like; raske dansbare spor med same instrumentasjon og grooveutvikling. Det er også synd at vokalist Richard Burgess gong på gong går i hoie-fella. Det er tydeleg at grove maskuline britiske songar er hans darling. Det blir diverre svært einsformig med øyretelefonane på. Difor vil eg framheve eit unnatak kor kvaliteten i stemma kjem betre fram: låta «Bay of Biscay». Her syng vokalisten med langt mindre dynamisk stemme. Og nedtona funker den veldig fint, synest eg.
Eg trur at denne plata hadde blitt mykje betre med ein tydeleg og objektiv produksjon. Slik den er no, er plata altfor lite variert. Det er synd, sidan potensialet er enormt med så gode enkeltmusikarar.
Kaskadar og overtonar
Då er Nordic Namgar si «Live at Riddu Riđđu» noko heilt anna. Sjølv om dette også er ei liveplate, er det ei plate som parerer dei fleste fallgruver. I dette tilfellet – med verdsmusikk – er det særleg fikling med elektroniske sjangrar som kan bli kleint. Det skjer ikkje på denne plata. Som akkompagnement er mykje av den elektroniske instrumenteringa god.
No er det ikkje elektronikken som gjer desse spora strålande, det er vokalen. Ein eksplosivt virtuos vokal som kontinuerleg blir støtta av ensemblet. Då gjer det ingenting at det elektroniske partiet i «Blooming flower» er i tradisjonen etter Molværs Khmer. Det gjer heller ingenting at Jan Hammers nydelege Miami Vice-motiv liknar kompet i «Running Horse». Droner og loops funker fint i lagt med konsonantkaskadane og overtonane på «Running Horse». Særleg synest eg dette er knallbra i «Tunka». Her veksler vokalistane mellom rein resitasjon og manieristisk song og overtonedronar. Og som i alle dei andre spora, smitter vokalenergien over på resten av ensemblet. Det gjer plata til ei uforutsigbar utgjeving, her ein som lyttar møter uventa grep frå spor til spor.
I «Goolingo» er dette herleg tydeleg, som i ein tibetansk versjon av Chris Reas «Driving Home for Christmas». Den funkar som ei kule. Eg liker også rockemotivet i «My beautiful saddle». Her skaper vokalistar og gruppe ein vestleg rockelåt med orientalsk tonespråk og ein vanvittig vibrato, utan at det blir kleint.
Og her er endå ein fellesnemnar mellom «Trønderrock» og «Nordic Namgar»: den virtuose behandlinga av ornament. To fine døme på vellukka overskriding mellom tradisjonsmusikk og diametrale uttrykk.

Nordic Namgar: Live at Riddu Riđđu
- Finito Bacalao Records/Musikkoperatørene, 2014
- 9 spor, 49 minutt
- Produksjon: Ole Jørn Myklebust