Som tittelen fortel, er dette ein CD sett i hop av ord og tonar. Bak står ein bestefar og eit barnebarn: forteljar Sigurd Telnes, 90 år gammal, og hardingfelespelar Sara Fjågesund Aase, født i 1984. Telnes er tidlegare lærar og rektor, høgt respektert kulturarbeidar og skribent og ein levande forteljar av segner og historier knytt til heimebygda Seljord. Fjågesund Aase er A-klasse-utøvar og dansar med mastergrad frå Høgskulen i Telemark.
Dei to er oppvaksne i kvar si tid, på kvar sin måte born av den rike forteljar- og speltradisjonen i Seljord. Det er eit godt utgangspunkt for ei CD-plate. Plata er levande kulturformidling bygd på minne- og leveformer frå tidlegare generasjonar, men også eit uttrykk for dette eineståande «samspelet» i folkemusikken vår – samvær over alders- og generasjonsgrensene.
Dette er såleis ei interessant plate. Det er ikkje den fyrste som knyter slåttesoger og segnstoff i hop, langt derifrå, men dei fleste folkemusikkproduksjonar i dag formidlar berre musikk. Sogestrenger inneheld både forteljingar og solospel, der forteljingane fungerer som introduksjon til og bakgrunn for slåttane. Det er i all hovudsak vellykka, da vi har å gjera med ein god forteljar og ei god utøvar på hardingfele. Fleire av slåttane, som «Kivlemøyane», «Skuldalsbruri» og «Guro Heddelid», har naturleg nok vore innspelt mange gonger før.
I tekstheftet får vi stutte samandrag av det Telnes fortel på plata. Det er eit godt grep som strekar under at dette er ei brei dokumentasjonsplate. Formgivinga er ryddig, tekstene velskrivne og bilda i heftet talande for hovudtanken – «sogestrenger» frå fortid inn i nåtid og framtid. Tittelen er slik sett treffande.

Sara Fjågesund Aase & Sigurd Telnes: Sogestrenger
- Ta:lik, 2015
- 16 spor, 71 minutt
- Produsent: Eivind Aase
Sigurd Telnes fortel uhøgtidleg, fritt og spontant, slik ein god forteljar skal. Vi forstår at dette stoff har han levd med gjennom eit langt liv: Dette er ikkje opplesing, men frie forteljingar. I all hovudsak er det natur-mytiske segner og opphavssegner, der detaljrikdomen er overveldande og konkret. I opptaka av Telnes høyrer vi spraking frå peisvarmen, stundom ei dør som går opp og att og ei stoveklokke som slår. Ein hadde nok tent på å redusere slike lydeffektar her og der.
Segna med tittelen «Gonil Dale» tek nesten 23 minutt, og er nok i lengste laget i denne samanhengen. På den andre sida får Telnes her vist fram den folkelege, levande forteljartradisjonen, noko som er viktig for å forstå ramma som slåttane er ein del av. Telnes er truverdig i formidlinga si og fortel godt, levande og ordrikt. Her har dagens utøvarar litt å lære.
Plata også ein god dokumentasjon på talemålet i Seljord. Ho bør kunne tene til pedagogisk bruk i skuleverket, ikkje berre lokalt. Det er imponerande å høyre ein forteljar med eit slikt minne og så stor forteljarglede. Dette er platedebuten til Telnes – det er synd han ikkje har gått i studio før!
Sara Fjågesund Aase spelar godt, med velutvikla evne til å få fram det lyriske i somme av slåttane, til dømes i dei tre slåttane med bakgrunn for segna om «Kivlemøyan». Denne plata har også gode danseslåttar med ei personleg fargelegging og tilhøyrande spenst i framføringa. Dansetakta og rytmen i «Vandringen» i form etter Magne Manheim er eit døme på kor intimt dans og musikk er knytt saman. Her viser Fjågesund Aase også i spelet sitt at ho er A-klassedansar. Det er elles gjort eit solid teknisk arbeid på plata, som eignar seg godt både til lytting og dans Det er sjølvsagt eit spørsmål kor mykje av etterklang ein vil ha – somme gonger er det etter min smak vel mykje.
Så kan ein sjølvsagt diskutere om dette er ei plate berre for eit strengt lokalt publikum, eller om ho kan nå fleire publikumsgrupper. Det vil det sjølvsagt vera mange meiningar om, alt etter augo og øyro som vurderer. For min del er eg viss på at denne plata vil glede mange, ikkje berre lokalt. Tematikken i sogene er tidlaus og attkjenneleg, og stoffet er eit godt døme på det rike folketrustoffet som finst her til lands.