Magasinet Folkemusikk har det siste året satsa mykje på kritikk av folkemusikk og folkedans, og inviterer til seminar på Rauland – høgborga for kritisk refleksjon kring tradisjonskunsten i dag.
Kva er eigentleg kritikk? Korleis vurderer ein kvaliteten på tradisjonskunst, og kva krevst for å vurdere han? Er det annleis enn for annan kunst? Må ein formulere kritikken ulikt for eksperten og for allmennlesaren? Og kva slags tradisjonskunstkritikk vil vi ha?


Seminaret er ein del av Folkemusikks satsing på folkemusikk- og folkedanskritikk. Prosjektet er støtta økonomisk av Norsk Kulturråd (Kulturfondet) og stiftinga Fritt Ord i samarbeid med Norsk tidsskriftforening.
I panelet sit
- Ånon Egeland (USN, Folkemusikk)
- Bodil Akselvoll (USN)
- Kjell Bitustøyl (Telemarksavisa, redaktør i Spelemannsbladet 1997–2007)
- Marianne Lystrup (Folkemusikk; journ., red. og kritikar i Vårt Land 1976–2014).
- Ordstyrar: Audun Stokke Hole, redaktør for magasinet Folkemusikk
Vi sest på Rauland internasjonale vinterfestival, Myllarsalen på USN Campus Rauland torsdag 14. februar kl 10–12!