I gangaren «Reisaren» opplever me at slåtten «svevar». Det gjev ei merkeleg kjensle når me høyrer korleis markerte fingerslag på stålfjøra går på tvers av den underliggjande rytma. Trødnaden i golvet ligg der som evige hjarteslag i botnen av musikken og held slåtten og dei tekniske krumspringa på plass. Heilskapen i lydbiletet er perfekt.
Inspirasjonskjeldene er opptak og møte med eldre spelemenn i Valle og Bygland, særleg frå Hylestad sokn, eit mekka i norsk munnharpetradisjon.
Med spelemenn meinest her utøvarar både på munnharpe og fele/hardingfele; for Sigurd gjer nemleg noko sopass sjeldsynt at han plukkar frå felemusikken, lyfter fram slåttar og slåttebrôt og tilmåtar dei til nye, fullgode munnharpeslåttar.
Om lag halvdelen av dei 24 slåttane på plata er vortne til på dette viset. I praksis tyder det at Sigurd Brokke utvider repertoaret for instrumentet og gjer heile munnharpefeltet rikare.
Musikken er lokal. Spelemannen er sjølve ikjøtinga av ein setesdøl. Innspelinga er gjort i Garane grendehus i Brokke. Alle dei seks munnharpene er smidde av Folke Nesland frå Bykle.
Dette er soleis «kortreist» og særeigen kultur, men som samstundes har eit universelt publikum. Det er berre å gå inn på YouTube å sjå dei mange «klikk» som munnharpeinnslag sankar frå mange land verda rundt.

Sigurd Brokke: Munnharpe II
- Etnisk Musikklubb, 2015
- 24 spor, 43 minutt
- Produsent: Sigurd Brokke, lyd: Tom Karlsrud

Dette er soleis «kortreist» og særeigen kultur, men som samstundes har eit universelt publikum.
I det vedlagte tekstheftet gjer Sigurd Brokke òg eit viktig oppryddingsarbeid når det gjeld slåtteformer, opphav, variantar, namnsetjing, osv. I ein munnleg folketradisjon er det mykje omtrentlegheiter, men her verkar det no som elementa kjem på rett plass.
Eit ord om dei slåande portrettfotografia av spelemannen, tekne av Leonhard Jansen: Dei viser ein alvorsam og småskummel Sigurd Brokke med elegant hatt. Det er slike dei har, mafiamedlemene i Palermo, der dei sit i skuggen under cypressane og spelar italiensk munnharpe, scacciapensieri. Eg vil ikkje dra poenget for langt, men er overtydd om at Sigurd Brokke – med sitt spel, sin energi og sitt driv – har eit takksamt publikum også på Sicilia.