
Sol i skuggeskog: Stille og straum
- Ta:lik, 2015
- 11 spor, 37 minutt
- Produsent: Sol i skuggeskog
Dette er trioen Sol i skuggeskog si andre plate. Dei held fram som dei starta, med velklingande viser sungne av Ingrid Lian-Bjørgum i samspel med trekkspelar Øyvind Sandum og gitarist Einar Lian-Bjørgum. Musikalsk kan ein merka impulsar frå akustisk country, visepop og av og til litt folkemusikk, først og fremst gjennom Sandum sine fine melodiske liner og Erlend Viken som spelar fele på nokre av songane.
Elles set gjestemusikarar som strengemeisteren Kjetil Steensnæs (banjo, dobro m.m.), bassist Knut Sneve og slagverkar Anders Engen sitt preg på produksjonen. Og det er dei songane som arrangementsmessig er prega av country/pop som musikalsk sett fungerer best, t.d. countryballadane «Vintermorgon» og «Vesle ven». Sneve og Engen sitt stødig svingande, men samstundes varsame komp dannar eit godt fundament for dei fine melodiske detaljane frå resten av bandet.
All musikken er laga av musikarane, medan dei fleste tekstane – som på debutplata – er dikt av Finn Sandum frå Skjåk. Dette kan trygt karakteriserast som «sentrallyrikk», som omhandlar dei store spørsmåla som livet, døden, einsemd, lengt og kjærleiken. Ofte minner tekstane om ting me har høyrt før, som «Ta handa mi, du kjære når det mørknar», og «Vi gjorde kan hende vårt beste, vi to. / Dei stunder vi levde, vi levde i lag. / Dei stunder vi strevde, vi strevde i lag. / Vi gret da vi gret, og lo da vi lo.» Og av og til er det nettopp denne direkte formidla kvardagsvisdomen som gjer at noko kommuniserer så godt, sjølv om det litterært sett er ukomplisert og lite originalt.
Plata er frå byrjing til slutt prega av velklang og visdomsord. Her er lite motstand, og lite som utfordrar. Eg meiner ikkje at all musikk bør vera uvanleg eller provoserande, men når alt er så vakkert og idyllisk heile tida byrjar det å likna vel mykje på mange ting ein har høyrt før. Sol i skuggesol har alt som skal til for å verta – i mangel av eit betre ord – folkeleg popmusikk av høg kvalitet. Neste gong håpar eg dei torer å ta nokre fleire sjansar, og koma fram til eit særpreg som gjer at dei skil seg sterkare ut i straumen av finsleg vise/folkemusikk.
Likevel: Det er mykje å gle seg over her. Songstemma er varm og behageleg, lydmessig er produksjonen framifrå (plata er innspelt i Brygga Studio i Trondheim), og arrangementa er fulle av fine detaljar, m.a. god koring. Og heilskapleg er det – her er det ingenting som sprikar.