Ulf-Arne Johannessen er for mange kjend som dansar i Frikar, og som relativt nytilsett leiar for Folkemusikkveka på Ål. Men han er òg ein framifrå utøvar på einradar durspel, som i Hallingdal vert kalla «einpikkar».

Det finst ei stor mengde trekkspelvitsar der hovudpoenget dreier seg om det høge lydnivået til instrumentet – ikkje utan grunn. Men denne plata er faktisk slik at ho læt best på høgt volum. Då høyrer ein tydeleg at luftstraumen som møter tungene er som ein levande organisme – som i ordet orgel, ein slektning av trekkspelet. Og det er i kombinasjonen av pust og ventilar, som skiftevis startar og avbryt luftstraumen, at den suggererande rytmen oppstår.

Ein annan merkeleg ting når det gjeld dette instrumentet, er samanfallet mellom belgkonstruksjon og etymologi. Instrumentet er ein kombinasjon av suge- og trykkluftsprinsipp. Og dersom ein høyrer på venstresida/bassen av instrumentet er det noko kaftig sugande som er tydelegare enn melodistemma.

Slik sett representerer einpikkaren noko som han i prinsippet har felles med større trekkspeltypar og trøorgel. Men nettopp fordi einradaren er så avgrensa melodisk og harmonisk, vert det nettopp denne sterkt suggererande rytmikken som vert ståande i fokus. Derfor er det òg – når det havnar i hendene på ein meister som Johannessen – eit framifrå instrument til dansespel.

Ulf-Arne Johannessen - Einpikkar'n
Ulf-Arne Johannessen: Einpikkar'n
  • Etnisk Musikklubb/Musikkoperatørene, 2014
  • 16 spor, 47 minutt
  • Produksjon: Ulf-Arne Johannessen

Samstundes skjer det noko underleg når ein tvingar slåttar som unekteleg har sitt opphav i akkordlause instrument – plata inneheld utelukkande springarar og hallingar – inn i noko så ekstremt akkordbasert som einradaren. Slik sett er einradaren slåttespelet si aller trongaste tvangstrøye. Men den som tvungen er over lang tid, finn gjerne dei mest utrulege måtar å trossa tvangen på.

Johannessen er soleis eit interessant døme: I lausdansen er han den friaste akrobat, av det høgt skatta slaget. Samstundes ikleder han seg frivillig – lyt me tru – denne tvangstrøya av eit instrument. Og det meisterlege er at han musiserer så laust og fritt også innan denne vesle kvadratmeteren som einradaren på mange måtar representerer.

Når dette er sagt, bør ein også spørja: treng vi meir enn denne eine einpikkarplata? Mitt svar lyder soleis: berre hvis utøvaren kan tvinga instrumentet ut or det tradisjonelle spelet. Og det burde vera heilt mogleg, og vel så det. Johannessen sprenger tvangstrøya så ho er i ferd med å sprekka, og når han maktar å spela like fritt som han dansar, kan han kle dette vanvørde instrumentet i ein ny, og svært så su(g)gererande, bunad.