Farvel slekt og venner er Valkyrien Allstars sitt fjerde album. Då dei platedebuterte i 2007, var det med eit intenst musikalsk uttrykk, sanseleg og rølpete både i felespel og tekstformidling. Lydbildet var dominert av feler, og av Tuva Syvertsen si uttrykksfulle, nesten manande stemme. Valkyrien Allstars i 2014 er eit nokså anna band – og det er jo eigentleg ein god ting, same kor mykje ein kan sakne brannen i dei gamle låtane.
Gruppa har dessutan gått frå å vere ein feletrio med fast trommis og bassist, til å bli eit band på fire personar. Ola Hilmen er ikkje lenger med; Erik Sollid, Martin Langlie, Magnus Larsen og Tuva Syvertsen er bandets multi-instrumentalistar og songarar – sjølv om Syvertsen stadig er hovudvokalist.

Valkyrien Allstars: Farvel slekt og venner
- Heilo/Musikkoperatørene, 2014
- 12 låter, 51 minutt
- Produksjon: Bugge Wesseltoft, Bård Ingebrigtsen og Valkyrien Allstars
- Nominert til Spellemannpris 2014 i klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk
Det er ein sterk og sørgmodig tittel dei har gitt albumet. Farvel slekt og venner; fleire av tekstene har i seg denne kjensla av endring, oppbrot, avslutning. Syvertsen har skrive fleire tekster enn på tidlegare album. Dei vender seg ofte til eit «du» som er på veg utfor stupet, som treng redning. Der Valkyrien Allstars tidlegare formidla det bistre og frigjerande ved alkoholen, i drikkeviser som «Fyll mitt beger på ny» og «Min pipa», er det på Farvel slekt og venner ein heilt annan tone; rolegare, alvorlegare, meir distansert. «Toget har stansa», syng Syvertsen metaforisk i «Dårlig morgenstemning».
Det er synd at dette alvoret ikkje også dominerer i melodiane. Rett nok kan det vere fint med ein lukkeleg melodi til ei ulukkeleg tekst, men hos Valkyrien Allstars blir i så fall ikkje kontrasten stor nok. I «Kom hjem» vender forteljaren seg mot ein venn, ber denne ta seg saman:
Nå er du så langt borte igjen
Nå er det på tide å finne en seng
Er du lenge der nede
Så kan du bli blind
(…)
Det gjør så vondt å gå fra deg i kveld
Når eg les teksta synest eg ho er sørgeleg og bitande – medan melodien og arrangementet har noko lett og koseleg over seg. Det skurrar i mine øyre. Tidvis er tekstene uklare, vaklar mellom det konkrete og det metaforiske, som om forfattarane har vegra seg for å skrive i klartekst. Ikkje slik å forstå at eg meiner Syvertsen er ein dårleg tekstforfattar. På Ingen hverdag, Valkyrien Allstars sitt førre album, stod ho for to av tekstene; dei er gode, fokuserte, og blir underbygde av musikken.

Det musikalsk koselege er gjennomgåande for store delar av plata. Her er ein utprega studio-sound; balansert, produsert, i sterk kontrast til live-uttrykket valkyriene hadde på sine første album. Bandet har sakte, men sikkert rørt seg meir i retning av vise-sjangeren; Ingen hverdag, det tredje og beste albumet deira, balanserer vise og folkemusikk på ein strålande måte. Farvel slekt og venner fjernar seg lengre frå folkemusikken, i instrumentering, melodiføring og produksjon. Felene er ofte i bakgrunnen, med pizzicato. På for eksempel tittellåta finst eit etterlengta feleinnslag, men den skakke lyden blir straks motsagt av nokre overraskande klisjéfylte pianorørsler frå Bugge Wesseltoft. «Dårlig morgenstemning» er nesten soul-aktig i arrangementet og kler stemma til Syvertsen godt. Ho syng elles luftigare enn ho ofte gjorde før – meir temt, utan at det på nokon måte blir tamt.
På «Vågar du», etter tekst av Olav H. Hauge, syng Sollid solo. Han syng éin song på kvart album, og det er alltid ein slik fin kontrast, fordi stemma hans er så annleis enn Syvertsen si, liksom poengtert. På siste halvdel av albumet blir arrangementa meir seige og sakrale. «Folkestadvisa» er høgdepunktet her; trommis Langlie spelar orgel, og Syvertsen syng nydelege harmoniar med seg sjølv. Det er så høgtideleg, og vakkert bygd opp (og ned), at ein i denne desembermånad blir frista til å snike songen inn på julekveldsspelelista.
Viss Valkyrien Allstars slo igjennom som ei villskapens og råskapens gruppe, ei barfly oppattkalla etter stampuben sin, er det på deira fjerde album meir lyden av hus og heim vi høyrer. Det verkar kanskje plumpt å i same setning hevde at ein saknar folkemusikken og villskapen, som om tradisjonsmusikk var noko usivilisert. Men etter mi meining er det nettopp det friske og uføreseielege som har forsvunne ut til fordel for eit meir poppa vise-uttrykk.
Valkyrien Allstars er like fullt ei gruppe som skriv gode låtar – til og med dei eg ikkje likar, set seg på hjernen – og som eg alltid vil gle meg over å sjå live. Etter sterke Ingen hverdag er det likevel ikkje til å komme ifrå at Farvel slekt og venner blir ein nedtur.