Tekst: Knut Aastad Bråten på vegner av: Museumsforum Innlandet, Innlandsarkiva, Norges museumsforbund, Arkivforbundet, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg.
Rundt om i museum og institusjonar finst fleire hundretusen lyd- og filmopptak med folkemusikk og folkedans. Materialet er samla inn gjennom generasjonar og dannar mykje av grunnlaget for den rike og levande folkemusikk- og dansetradisjonen i Noreg i dag.
I arkiva kan du lytte til gamle balladar og kulokkar frå Valdres og Setesdal, eller du kan sjå opptak med dansarar frå Skjåk eller Rendalen. Opptaka er ein viktig del av den immaterielle kulturarven vår – og eit vesentleg bidrag i forteljinga om Noreg.
Opptaka er lagra på stasjonar og servere. Eit felles digitalt kartotek – FIOL – sikrar informasjonen om kvart opptak. I kartoteket finst informasjon, eller metadata, om dei einskilde opptaka. Namn på utøvarar, når dei er fødde, kva dei syng og kven dei har lært låtten av. Slike ting.
Ein skigard kan ikkje vare evig, syng vi. Det same kan vi seie om dei digitale hjelpemidla. FIOL vart utvikla ein gong på byrjinga av 1980-talet. Fram til no har systemet vore kjærkome og til god hjelp. I dag skapar FIOL fyrst og fremst hovudbry.
FIOL har i fleire tiår vore drifta av Folkemusikkens hus – i Sverige. FIOL har vore skreddarsydd for å registrere musikk og dans som folkemusikkarkiva har hatt ansvar for, og det har fungert bra til dette.
Utfordringa oppstår når det ikkje lenger er visjonar eller utviklingsynskje i Sverige for å dra FIOL og den norske kulturarven vidare og inn i framtida. Funkar ikkje FIOL mistar vi essensiell informasjon om hundretusenvis av lyd- og filmopptak.
Funkar ikkje FIOL, vil ein ikkje lenger nyttegjere seg av dei opptaka som finst. Tilbake sit vi att med lydfiler utan informasjon. Det er eit tap for folkemusikken – og for Noreg.
Dei fyrste samlingane med opptak av folkemusikk kom til ein gong på byrjinga av 1900-talet. Nokre av kjeldene på dei eldste opptaka er fødde fyrst på 1850-talet.
Innsamlarane den gongen var ivrige musikarar, og dei kjente på eit tungt ansvar for å ta vare på musikkarven. Norsk Folkemusikksamling blir oppretta i 1914. I 1950 fekk Universitetet i Bergen ei stor samling med opptak av folkemusikk av samlaren og spelemannen Arne Bjørndal. Ved Musikkvitskapleg institutt ved Universitetet i Trondheim tok dei til med innsamling av folkemusikk i 1967.
FIOL har vore gjenstand for debatt i fleire tiår. To rapportar er skrive, ein i 2013 og ein i 2014. I rapporten frå 2013 les vi at folkemusikkarkiva i landet «synes å bli oversett eller uteglemt i alle offentlige rapporter, utredninger og stortingsmeldinger».
Saka og problemstillinga er velkjent. Folkemusikk-Noreg har varsla styresmaktene om behovet for eit nytt system i mange, mange år. Også Norges museumsforbund har meldt ifrå. Det same har Arkivforbundet.
Under budsjetthøyringa i kulturkomiteen i vår stilte folkemusikkorganisasjonane og Noregs museumsforbund spørsmål om nettopp arkiva. Endå ein gong vart det peika på det same: FIOL fungerer ikkje lenger.
FIOL må erstattast av noko anna. Gjer vi ingen ting, risikerer vi å miste uerstatteleg kunnskap om historia vår.
Finst løysingar? Ja. Nasjonalbiblioteket har ei løysing: Axiel Collections. Programmet må utviklast vidare skal det nyttast av folkemusikkarkiva, men ei vidareutvikling er fullt mogleg. Eit samstemt Folkemusikk-Noreg ynskjer å satse på dette programmet.
Museumsforbundet og Arkivforbundet seier det same. Kor sit så proppen? I Kultur- og likestillingsdepartementet. Enno ventar folkemusikkarkiva og Nasjonalbiblioteket på eit klarsignal frå departementet og statsråd Lubna Jaffery (Ap). Enno manglar eit mandat og pengar. Kvifor tek det så lang tid?
FIOL er eit sårbart kartotek gått ut på dato. Risikoen for å miste hundretusenvis av uerstatteleg informasjon om gamle melodiar, songar, dansar, utøvarar og tradisjonar er stor. Har vi råd til det?
Folkemusikkmiljøet i Noreg har i fleire tiår målbore ei bekymring for arkivmaterialet, og at noko må gjerast. Saka er kjent hjå kulturpolitikararar og andre. Likevel skjer det ingen ting.
Vi har forventingar om ei prioritering av midlar til Nasjonalbiblioteket i statsbudsjettet for 2026. Noreg har gjennom internasjonale konvensjonar forplikta seg til å leggje ein politikk for sikring av den norske kulturarven. Også dei norske folkemusikkarkiva.
Teksten stod fyrst på trykk i Nationen.