Tekst og foto: Ketil Sandviken

Og det gjorde dei til gagns!

Det vart i ordets rette forstand eit gasta lag da Lom spel- og dansarlag i samarbeid med familien Odde baud inn til minnekonsert, middag og festleg samvær i grendas eige forsamlingslokale, Garmo bygdahus, for å minnast og heidre ein bauta i bygda og dalens spelemannsmiljø.

FELLES FINALE: Det vart trongt da samtlege aktørar entra scenen for å runde av med «Brurparet burti Li'n» av Bjørn Odde. Men det vart sjølsagt ekstranummer, reinlender etter Torstein Tykket.

Bjørn Odde var aktiv i Lom spelmannslag frå slutten av 1950-talet og til han gjekk bort i 2020. Han var musikalsk leiar frå 2001-2008 og hadde ansvaret for opplæring på fele både i juniorlaget og kulturskulen, eit viktig bidrag til god rekruttering i Lom.

KNOLL OG TOTT: BIlde av Bjørn Odde og Amund Bjørgen til CD-en som dei vann Spellemannsprisen med i 1993. Foto: Ketil Sandviken.

Bjørn Odde vann landskappleiken heile fem gonger, fekk Spellemannspris i hop med Amund Bjørgen for «Slåttemusikk frå Lom» i 1993 og dei delte likeins kommunal kulturpris. Familieorkesteret «Bjøynn og bjøynnongein» vann dessutan Open klasse på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Plata med 30 «leikje» frå slutten av 1990-talet vart tilgjengeleg på strøymetenester til 85-årsjubileet.

BELG OG STRENG: Sonen Bjarne Odde er aktiv i mange orkester på bass, men også som solist på einrader i springliken «Flatmoen».

Vart sett pris på

Spelkompis og mangeårig lagsleiar Rolv Brimi fortalde at Bjørn hadde sitt fyrste speloppdrag i eit gjestbod i Lia som 16-åring. Da han kom dit var gripbrettet laust, men eit kvinnfolk fekk festa det såpass at han fekk spelt inn brurfolket. Sykla så attende til Garmo og fekk lånt ei fele hos Kristen Fyrun og trødde attende for å spela til dans. Da kom skiløparen til sin rett…

IMPONERTE: Barnebarnet Mads Erik Odde var solist i «Sløret» av Hans W. Brimi og springleik etter Sigurd Eggen frå Bøverdalen, som var til stor inspirasjon for Bjørn Odde.

- Det store gjennombrotet var da han vann landskappleiken i Vågå i 1964. Slåtten «Melovitten» er av dei gode opptaka i NRK. Bjørn var aktiv på kappleikar i over 30 år og forsynte seg grådig saman med Amund Bjørgen og Knut Kjøk. Han prega og fargela slåttespelet med ein karakter og rytmikk som er få forunt, fastslo Brimi og trekte fram at Sigurd Eggen i Bøverdalen var til stor inspirasjon.

- Favorittspelemann

 - Eg kalla Amund og Bjørn berre for Knoll og Tott, dei hekk i hop støtt og vann ikkje den eine så vann den andre, sa Trond-Ole Haug, som tidlegare styreleiar i Landslaget for Spelemenn, redaktør i Spelemannsbladet og musikalsk leiar for nabospelmannslaget Vågå gjennom 21 år var han beden om å trekkje trådar.

50-ÅRSGAVE: Rolv Odde, yngste bror til Bjørn, fekk torader i 50-årsgave og heidra broren med valsen «Gamel-Eklen».

- Bjørn var ein av favorittspelemennene mine. Eg hugsar godt landskappleiken i OKB-garasjen i Vågå i 1964, han spelte på ein måte som eg vart heilt bergteken av. Melovitten, som han hadde lært av Kristian Gården, og Heringstadhallingen. Han hadde eit slikt driv, rytmikk og framdrift, samstundes lyrisk, ikkje alle får til det.

Haug nemnde at Lom ikkje stilte lag på landsfestivalen i 1999, da lurte Bjørn og sonen Kristen på om dei fekk vera med Vågå.

GJENSYNSGLEDE: Odde & Kolden. Johannes Odde og Sigurd Kolden fann tonen i skotsk etter Johs. Langøygard.

- Sjølsagt, og vi vann for fyrste gong sia Stryn i 1993. Ikkje sikkert det hadde skjedd utan dei to i laget, la Haug til med ein smil om munnen og trekte fram Garmo og Lom som spesielle i folkemusikksamanheng.

- Det er ei stor ære å få vera her, ingen stad  blir det drive så godt rekrutteringsarbeid som i Lom, sa Haug.

Vann over Bukkene Bruse

Innimellom eit tjugetals musikalske innslag under leiing av Ingebjørg Hammerdalen, barnebarnet til Amund Bjørgen, var også folkemusikkvitar og medprodusent til «Spellemannsskiva», Ola Grøsland frå Vågå, beden om å dele inntrykk.

- Bjørn var tyleg og lett å vera i hop med, og Gud som han let…, med ein magisk rytme og framdrift,  samtidig som det var sårt og vakkert.

NAMNSETTE LEIKEN: Nye Ringnesin med «Bjøynnmasurkaen» av Bjørn Odde, namnsett av orkesterleiar John Egil Odnes (t.h.) Bak Bjarne Odde på kontrabass.

- Alle trudde det var Bukkene Bruse som skulle vinne Spellemannsprisen. Da Knut Borge las opp Bjørgen og Odde vart det jubel og fest… Grøsland minna om at dei to vart kåra som delte vinnarar av Landskappleiken i Sogndal i 1972.

Amund Bjørgen var forresten å finne i salen under feiringa av jubileet til spelkompisen denne tropevarme og minneverdige maikvelden i 2024.

SØLJUKOLLJAKUP: Tvillingsystrene Hanne og Synne Kjøk med leik dei lærte og spelte i hop med Bjørn Odde.